Piz Ela
Utsjånad
| Piz Ela | |||
| fjell | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fjellkjede | Albulafjella | ||
| Høgd | 3 339 moh. | ||
| Koordinatar | 46°36′07″N 9°42′28″E / 46.60194°N 9.70778°E | ||
| Førstestiging | |||
| • dato | 1865 | ||
![]() Piz Ela 46°36′07″N 9°42′28″E / 46.601944444444°N 9.7077777777778°E | |||
| Wikimedia Commons: Piz Ela | |||
Piz Ela er eit 3 339 meter høgt fjell i Albulafjella i kantonen Graubünden, mellom Bergün og Savognin.
Nest etter Marmolata i Dolomittane er Piz Ela den høgste fjelltoppen av dolomittstein, og såleis det høgste dolomittfjellet i dei sveitsiske alpane.
Fjellhytta Ela-Hütte på 2 252 moh. er vanlegaste utgansgpunktet for ei bestiging av fjelltoppen. Ei oppstiging som langs alle ruter er heller krevjande. Fjellet ligg midt i Parc Ela, ein 600 kvadratkilometer stor naturpark, oppretta i 2006.
Restar av prosauropodar og sauropodar er dei seinare år påvist i bergarten Hauptdolomit. Desse stammar frå slutten av trias og er rundt om kring 210 millionar år gamle.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Piz Ela» frå Wikipedia på tysk, den 14. mars 2010.


