Piz Roseg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Piz Roseg
fjell
Güssfeldtsattel, Roseg Pitschen, hovudtoppen og Schneekuppe (venstre til høgre)
Land  Sveits
Fjellkjede Berninafjella
Høgd 3 937 moh.
Primærfaktor 415 m ↓  mot Piz Bernina
Koordinatar 46°22′25.5″N 9°52′59.1″E
Lettast tilkomst Nordvestryggen frå Coaz-hytta (AD)
Førstestiging Adolphus Moore
 - dato 28. juni 1865
Kart
Piz Roseg
46°22′26″ N 9°52′59″ E
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Wikimedia Commons: Piz Roseg

Piz Roseg er eit fjell i Berninafjella i Sveits med ei høgd på 3 937 meter over havet. Det er to toppar på hovudryggen. Den søraustlegaste er den høgaste, medan den nordvestlege toppen, kalla Schneekuppe er 3 920 m. Det finst òg ein topp på nordaustryggen kalla Roseg Pitschen på 3 868 m.

Schneekuppe vart først klatra av F. T. Bircham med guidane Peter Jenny og Alexander Fleury 31. august 1863. Det høgaste punktet på fjellet vart klatra to år seinare av Adolphus Moore og Horace Walker med fjellføraren Jakob Anderegg den 28. juni 1865.

Piz Roseg grensar til Piz Scerscen som ligg på andre sida av Porta da Roseg (3 522 m), som òg vert kalla Güssfeldtsattel.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Piz Roseg frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Collomb, Robin, Bernina Alps, Goring: West Col Productions, 1988
  • Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Piz Roseg på SummitPost