Pizzo Bianco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pizzo Bianco
Fjellkjede
Pizzobianco0001.jpg
Pizzo Bianco
Land Flag of Italy.svg Italia
Region Piemonte
Del av Wallis-Alpane
Høgaste punkt
 - høgd 3 215 moh.
 - koordinatar 45°56′21″N 7°56′20″E

Pizzo Bianco er eit 3 215 meter høgt fjell vest i Wallis-Alpane i den italienske regionen Piemonte.

Fjellet ligg sør for landsbyen Macugnaga i Valle Anzasca, tvers overfor Monte Rosa-massivet. Aust for Pizzo Bianco strekker fjelldalen Val Quarazza seg. Vest for Pizzo Bianco ligg isbreen Belvedere som skilje mot Monte Rosa-massivet.

Frå fjellhytta Rifugio Belvedere (1 932 moh) er det ein om lag 5-6 timars lang tur til topps på Pizzo Bianco. Etter å ha gått til den 2 738 meter høge toppen Pizzo Nero, fylgjer ein nordaustegga like til topps. Frå toppen har ein utsikt mot den austlege delen av Monte Rosa-massivet. Frå nord til sør ser ein toppane Cima di Jazzi, Gran Fillar, Jägerhorn, Nordend, Dufourspitze, Zumsteinspitze, Signalkuppe, Parrotspitze, Ludwigshöhe, Corno Nero, Vincent-pyramiden og Punta Giordani. Nær mot sør hevar den snødekte fjelltoppen Punta Grober seg til nær 3 500 meters høgde.

Horace-Bénédict de Saussure steig til topps på fjellet i 1789, då han skulle mæle høgda på Monte Rosa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]