Pjasinobukta
Utsjånad
Pjasinobukta | |||
bukt | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Pjasinobukta 74°N 86°E / 74°N 86°E | |||
Wikimedia Commons: Pyasina Bay |
Pjasinabukta (russisk Пясинский залив, Pjasinskij Zaliv) er ei bukt ved munningen av elva Pjasina i Karahavet. Ho grenser i vest til Kamjennijeøyane og i nordaust til Mininaskjera.
Pjasinabukta er omgjeven av tundrakyst. Det ligg mange øyar og øygrupper i bukta som Zverobojøyane (Zapadnij, Malij, Severnij), dei vesle Trioøyane og Ptitsjiøyane og Labryintovijeøyane.
Området har eit særs hardt klima med lange og bitre vintrar. Bukta er derfor islagd ni månader av året og sjølv på sommaren er det mange isflak i bukta.
Pjasinabukta vart utforska av baron Eduard von Toll på den siste ferda hans under den russiske arktiske ekspedisjonen i 1900-1903.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pyasino Gulf» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- William Barr, The Last Journey of Peter Tessem og Paul Knutsen, 1919.
- William Barr, Baron Eduard von Toll’s Last Expedition.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: