Pjolter

Pjolter er ein alkoholhaldig drikk som oftast er laga av billig druebrennevin (brandy) eller blended whisky, blanda med soda eller selters.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Pjolter er eit særnorsk fenomen og var særleg populær i i Noreg frå 1920-talet og i nokre tiår etter andre verdskrigen. Drinken blir ofte tilskriven ein «P.J. Holter» som skulle ha vore bartender eller hovmeister på Grand Hotell i Oslo i mellomkrigstida og hadde vore i London og tatt med seg whisky og soda heim. Dette er truleg berre ei vandrehistorie. Drikken er omtalt allereie på 1880-talet, som ein «moderne Drik» kalla «pjaalter», i Morgenbladet.[1]
Namnet «pjolter» er dermed mest truleg av uviss tyding.[2] Ein «pjolt» eller «pjalt» er ei fille eller ein ynkeleg person. Omgrepet om å «slå sine pjalter saman» er kjent. Ein «pjolter» kan då vere ein samanblanda drikk av ynkeleg og simpelt innhald.
Samansetningar
[endre | endre wikiteksten]- «Whisky-pjolter» er ei norsk nemning på whisky og soda.
- «Mahogny-pjolter» inneheld så lite blandevatn at drinken har den brune fargen til brennevinet.
- «Kongepjolter» er ingen pjolter, men ein cocktail av konjakk og champagne.
- «Pjoltergeist» er ei forvansking av det tyske ordet poltergeist (vanlegvis omsett med bankeånd) og gir ei slags forklaring på enkelte fenomen som opptrer i sansane til ein rusa person.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Tor Guttu, «Historien om Pjolteren», «Ordet», Kvartalskrift for riksmålsbevegelsen, nr 4, 2008 ved eikaberg.org.
- ↑ «Pjolter» i Det Norske Akademis ordbok
- Denne artikkelen bygger på «Pjolter» frå Wikipedia på bokmål, den 4. mai 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Guttu, Tor. «Historien om Pjolteren Arkivert 2012-03-01 ved Wayback Machine.». Ordet 4/2008