Pjotr Saltykov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pjotr Semjonovitsj Saltykov)
Pjotr Saltykov

FøddПётр Семёнович Салтыков
11. desember 1698
Nikolskoje
Død26. desember 1772 (74 år)
Statsborgar avDet russiske imperiet
Yrkestatsmann, offiser, politikar, militær
MorFekla Yakovlevna Volynskaia
FarSemjon Saltykov
EktefellePraskovya Yuryevna Saltykova
BarnIvan Saltykov, Anastasija Petrovna Saltykova, Catherine Saltykova
Alle verv
  • ordfører i Moskva Sjå dette på Wikidata

Grev Pjotr Semjonovitsj Saltykov (16971772) var ein russisk statsmann og feltmarskalk, son av Semjon Saltykov.

I 1714 vart Pjotr Saltykov send av Peter den store til Frankrike for å lære seg navigasjon og vart verande der dei neste 20 åra. I 1759, under sjuårskrigen, vart han øvstkommanderande for den russiske armeen og vann mellom anna ein siger i Palzig (Kay) og Kunersdorf.

I 1763 vart Saltykov øvstkommanderande i Moskva og fekk ansvar for senatskontoret i Moskva (Московская сенатская контора). Under Saltykov vart det oppretta mange nye postkontor, palassa i Golovinskij og Kolomenskij vart renoverte, samt fleire byportar. Dei reparerte òg dei fleste utslitte bruene over Moskvaelva og heldt fram nedrivinga av murane rundt Den kvite byen (festningsverket rundt Moskva) for å kunne byggje ein barneheim etter ordre frå Katarina den store. Dei restaurerte òg arsenalet i Kreml. Saltykov gjorde det forbode å ta ut importert brød frå Moskva, for å sikre innbyggjarane mat, og han sikra faste vinleveransar til byen. Han kjempa òg mot gambling.

I 1765 tok han del i brenninga av bøker som var «skadelege for samfunnet», etter ordre frå Katarina II av Russland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]