Pjotr Tsjajkovskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pjotr Tsjajkovskij

Pjotr Tsjajkovskij, olje på lerret, 1893, Nikolaj Kusnezov, Tretjakovgalleriet
Fødd25. april 1840
FødestadVotkinsk
Død25. oktober 1893 (53 år)
DødsstadMalaya Morskaya Street, 13, St. Petersburg
FødenamnПётр Ильи́ч Чайко́вский
OpphavDet russiske imperiet
Aktivjuni 1859–1893
Sjangersymfoni, opera, ballett, klassisk musikk, romantisk musikk
Instrumentpiano
Verka somkomponist, librettist, dirigent, koreograf, musikkpedagog, pianist, sjølvbiograf, musikkritikar, dagbokskrivar, conceptual artist, omsetjar, universitetslærar
MorAleksandra Tchaikovskaya
FarIlya Petrovich Tchaikovsky
Gift medAntonina Ivanovna Miljukova
Prisar4. klasse av Sankt Vladimirs orden, Sankt Vladimirs orden
Tsjajkovskij som ung
Underskrifta til Tsjajkovskij

Peter Iljitsj Tsjajkovskij (fødd 25. apriljul./ 7. mai 1840greg. i Votkinsk, republikken Udmurtia; død 25. oktoberjul./ 6. november 1893greg. i St. Petersburg) var ein russisk komponist frå romantikken.

Han har skrive seks symfoniar, ti operaer, ballettar, strykekvartettar, songar og pianostykke. Dei mest kjende verka hans er kanskje dei tre eventyrballettane, Svanesjøen, Tornerose og Nøtteknekkaren.

Sjølv om han ikkje var medlem av den russisk-nasjonalistiske gruppa av komponistar som vart kalla «den mektige handfullen», har musikken hans vore kjent og elska for sin særskilde russiske karakter, for ikkje å snakka om dei rike harmoniane og vakre melodiane han inneheld.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Tsjajkovskij viste tidleg musikalske evner og byrja å spela piano då han var fem. Han drog til konservatoriet i St. Petersburg i 1861, der han blei i fire år. I 1866 blei han utnemnd til professor i musikkteori og harmoni ved konservatoriet i Moskva, som blei oppretta same året. Denne posten heldt han til rundt 1878.

Tsjajkovskij var homofil, noko som absolutt ikkje sømde seg på den tida og som han difor heldt skjult. Skuldkjensla tyngde, og han blei tiltakande depressiv og nevrotisk, og sverma for tanken om å gifte seg med ei kvinne for betre å skjule legninga si. Den 28 år gamle Antonina Miljukova, som hevda ho var ein tidlegare elev, klarte ved hjelp av ei blanding av sjarme, raserianfall og trugsmål om sjølvmord å få Tsjajkovskij til å samtykke i ekteskap. Men Miljukova var ei nevrotisk, nymfoman kvinne som passa usedvanleg dårleg saman med den kjenslevare og idoliserande komponisten og etter berre fem dagars samliv skreiv han i eit brev til bror sin: «fysisk har ho ein fullstendig fråstøytande verknad på meg». Seks veker etter bryllaupet rømde han frå henne. Miljukova blei innlagd på ein psykiatrisk institusjon som «seksuelt forstyrra» i 1896 og døydde der i 1917.[1]

Ei anna kvinne fekk ein mykje større vekt i livet til Tsjajkovskij: etter dei turbulente hendingane i 1877 gav den velståande enka Nadesja von Meck han eit årleg privatstipend på 6 000 rublar,[1] noko som gjorde at han kunne konsentrere seg heilt om å komponere. Ei rekke meisterverk følgde no, dei første var den fjerde symfonien og operaen Eugene Onegin. Han blei snart kjend i resten av verda og turnerte i Europa og USA.

I 1893, berre ni dagar etter uroppføringa av den sjette symfonien hans, Symphonie Pathétique, døydde Tsjajkovskij av kolera etter å ha drukke eit glas infisert springvatn.[1] Dei fleste forskarar er einige om at det var sjølvmord.

Komponisten blei gravlagd ved Alexander Nevsky-klosteret i St. Petersburg.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Symfoniar

  • 1. Symfoni g-moll op.13 «Vinterdraumar» (1866)
  • 2. Symfoni c-moll op.17 «Veslerussiske» (1872)
  • 3. Symfoni D-Dur op.29 «Polske» (1875)
  • 4. Symfoni f-moll op.36 (1877)
  • Manfred-symfonien i fire bilde over eit dramatisk dikt av Byron, h-moll op. 58 (1886)
  • 5. Symfoni e-moll op.64 (1888)
  • 6. Symfoni h-moll op.74 «Pathétique» (1893)

Ballettar

Operaer

  • Wojewode
  • Undine
  • Opritsjnik
  • Smeden Wakula (andre utgåve vart kalla Tsjerevitsjki)
  • Eugen Onegin
  • Jomfrua av Orleans
  • Mazeppa
  • Trollkvinna
  • Spar dame
  • Jo|lanthe

Orkesterverk

  • Pianokonsert nr. 1 op. 23 i b-moll (1875)
  • Pianokonsert nr. 2 op. 44 i G-dur (1880)
  • Pianokonsert nr. 3 op. 75 i Ess-dur (1893 - ikkje fullført, offentleggjort posthumt)
  • Konsert for fiolin og orkester op. 35 (1878)
  • Capriccio Italien op. 45 (1880)
  • 1812-ouverturen op. 49 (1880)
  • Romeo og Julie - Fantasieovertyre op. 18 (1869, revidert 1870 og 1880)
  • Hamlet Fantasiovertyre op. 67 (1888)
  • Slavisk marsj, op.31

Klaververk

Diverse[endre | endre wikiteksten]

Eit portrett av Tsjajkovskij pryda ein moderne russisk mynt.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 The Dictionary of Composers, s. 343-347

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen «Peter Ilych Tchaikovsky» av Richard Osborne, i The Dictionary of Composers, 1986, red. Charles Osborne. London: PAPERMAC, ISBN 0 333 325370, s 343-347.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pjotr Tsjajkovskij
Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Pjotr Tsjajkovskij