Pjotr Wrangel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pjotr Wrangel

Verkeleg namn russisk Барон Пётр Николаевич Врангель; Baron Pjotr Nikolajevitsj Vrangel; tysk Freiherr Peter von Wrangel
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 15. august 1878
Zarasai
Død

25. april 1928 (49 år)
Brussel

Yrke offiser
Språk russisk
Politisk parti Den hvite armé
Religion ortodoks
Far Nikolay Wrangel
Mor Mariâ Dmitrievna Vrangelʹ
Ektefelle Olga Wrangel
Pjotr Wrangel på Commons

Baron Pjotr Nikolajevitsj Wrangel (fødd 15. august 1878 Mukuliai i Kovno i Det russiske keisarriket, død 25. april 1928 i Brussel i Belgia) var ein russisk adelsmann og offiser i den keisarlege russiske hæren og seinare kommandanten for dei antibolsjevikiske kvite styrkane i Sør-Russland under den siste delen av den russiske borgarkrigen.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Wrangel vart fødd i Mukuliai, nær Novoaleksandrovsk, dagens Zarasai, som i dag ligg i Utena fylke i Litauen og var ein etterkomar av den baltisk-tyske Wrangel-familien. Etter å ha fullført utdanninga si ved gruveingeniørinstituttet i 1901 melde Wrangel seg som frivillig til kavaleriet og vart utnemnd til offiser i 1902. Han deltok så i den russisken-japanske krigen i 1905. I 1906 deltok han i ein straffeekspedisjon under general A.N. Orlov i Baltikum. Deretter avslutta han utdanninga si ved generalstabsakademiet i 1910 og hadde kommandoen over ein kavalerieining under første verdskrigen.

Den russiske borgarkrigen[endre | endre wikiteksten]

Wrangel, i Sevastopol ca 1920, deltek i ein ortodoks seremoni etter å ha påtatt seg kommandoen over dei kvite styrkane.
Baronen på ein kvit propagandaplakat.

Etter oktoberrevolusjonen i 1917 drog Wrangel til Krimhalvøya i august 1918 og melde seg inn i den kvite friviljugshæren. Først hadde han kommandoen over ein kavaleridivisjon, men etter våren 1919 hadde han kommandoen over restane av Kaukasusarméen. Sommaren 1919 leia han den kvite armeen då denne inntok Tsaritsyn (seinare kjent som Stalingrad og Volgograd) og vart kjent som ein dugeleg og rettferdig administrator. I motsetnad til einskilde andre kvite generalar tolererte han ikkje lovløyse og plyndring blant soldatane sine. I desember 1919 vart han den kommanderande generalen til heile friviljugshæren.

Litt seinare førte ein politisk konflikt med ein annan kvit general, Anton Ivanovitsj Denikin, til at Wrangel måtte forlate landet. Kort tid seinare vende han tilbake og 4. april 1920 vart han vald til øvstkommanderande for dei kvite styrkane på Krim, som han deretter omdøypte til den russiske armeen. Saman med ein koalisjonsregjering sette han i gang omfattande reformer, inkludert jordreformer. Han respekterte òg å oppretta diplomatiske samband med dei nye og kortliva antibolsjevikrepublikkane, til dømes Den ukrainske folkerepublikken og Den demokratiske republikken Georgia.

Etter nederlag i blant anna Nord-Tavria og Krim, der Wrangel mista halvparten av styrkane sine, organiserte han ei masseevakuering frå kysten av Svartehavet. Wrangel gav dette valet til alle offiserar, soldatar og sivile: å evakuere saman med han og gå ei ukjend framtid i møte, eller å bli igjen i Russland og møte eventuelle hemnaksjonar frå den raude armeen. Dei siste militære og sivile forlét Russland saman med Wrangel 14. november 1920.

Wrangel drog deretter via Tyrkia og Tunisia til Kongeriket av serbarar, kroatar og slovenarar som leiaren for alle dei russiske flyktningane og vart moglegvis den viktigaste kvite russiske emigranten. I 1924 oppretta han den russiske allmilitære unionen (усский Обще-Воинский Союз; РОВС/ROV sine), ein organisasjon oppretta for å oppretthalde samhaldet til dei kvite russiske styrkane som hadde flykta frå krigen og han vart leiar for organisasjonen saman med storhertug Nikolaj Nikolajevitsj til han døydde. Memoara til Wrangel vart utgjeve i magasinet Den kvite saka (Белое дело; Beloje delo) i Berlin i 1928.

Død[endre | endre wikiteksten]

Einskilde, inkludert familien til Wrangel, trur at generalen vart forgifta av bror til hovmeisteren hans, som budde i huset til Wrangel i Brussel og som visstnok var ein sovjetisk agent. Kort tid etter bror til hovmeisteren forlét huset vart Wrangel sjuk og døydde. Gravferda til Wrangel fann stad i Jugoslavia (Serbia), sidan dette var ynsket til Wrangel. Han er gravlagt i den ortodokse treeiningskyrkja i Beograd.

Byen Sremski Karlovci, der Wrangel i ein periode hadde hovudkvarteret sitt og kor òg den russisk-ortodokse kyrkja utanfor Russlands heilage synod var, har saman med det russiske kulturdepartementet oppført eit monument til Wrangel i Karlovci.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pjotr Wrangel