Placeboeffekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Placebo)

Placeboeffekt er den målbare, observerbare eller følte betringa i helse eller åtferd utan at noka verkeleg medisinsk handsaming har vorte utført i vitskaplege forsøk. Det er òg eit omgrep som noko misvisande vert brukt om personleg eller kulturelt skapte forventingar[1] som forårsakar eller medverkar til psykisk og fysisk forbetring i ein tilstand. Placeboeffekt kan observerast utan at det er gjeve eit aktivt verkande middel eller som ein konsekvens av «skinnhandsaming». Omgrepet har vore i bruk sidan 1780-talet.

Nocebo[endre | endre wikiteksten]

Det motsette av placebo er nocebo. I likskap med placebo kan noceboeffekt i forsøk ha mange moglege årsaker. Noceboeffekt (frå latin «eg vil skada») kan innebera ei forverring av ein tilstand ved handsaming, og årsaken kan isolerast personlege eller kulturelle forventingar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Forventninger om smerte og plager: Placebo-effekten forklarer miraklene, artikkel fra Statens arbeidsmiljøinstitutt, besøkt 26. mars 2010
  2. Artikkel fra SciTopics: Placebo and Nocebo. besøkt 26. mars 2010

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]