Planeten Jupiter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Jupiter
Jupiter
Baneparametrar (Epoch J2000)
Store halvakse 778 412 027 km
5,20336301 AE
Banens omkrins 4 888 000 000 km
32,675 AE
Eksentrisitet 0,04839266
Perihel 740 742 598 km
4,95155843 AE
Aphel 816 081 455 km
5,45516759 AE
Omløpsperiode 4335,3545 d
(11,87 år)
Synodisk periode 398,86 d
Gjennomsnittleg banefart 13,050 km/s
Maks, banefart 13,705 km/s
Min. banefart 12,440 km/s
Banehelling 1,30530°
(6,09° til solas ekvator)
Lengda til
oppstigande knute
100,55615°
Perihelargument 274,19770°
Talet på kjende satellittar 63
Fysiske eigenskapar
Diameter ved ekvator 142 984 km [1]
(11,209 · jordas)
Diameter over polane 133 709 km
(10,517 · jordas)
Flattryktheit 0,06487
Overflateareal 6,14·1010 km2
(120,5 · jordas)
Volum 1,338·1015 km3
(1235,6 · jordas)
Masse 1,899·1027 kg
(317,8 · jordas)
Middeltettleik 1,326 g/cm3
Ekvatorial tyngdeakselerasjon 23,12 m/s2
(2,358 G)
Unnsleppingsfart 59,54 km/s
Rotasjonsperiode 0,413538021 d

(9 h 55 min 29,685 s) [2]

Rotasjonsfart 12,6 km/s (45 300 km/t)
(ved ekvator)
Aksehelling 3,13°
Rektasensjon
av nordpolen
268,05° (17 h 52 min 12 s)
Deklinasjon 64,49°
Albedo 0,52
Overflatetemperatur
min middel maks
110 K 152 K ukjend
Astmosfærisk samansetting
Atmosfærisk trykk 70 kPa
Hydrogen ~86%
Helium ~14%
Metan 0,1%
Vassdamp 0,1%
Ammoniakk 0,02%
Etan 0,0002%
Fosfin 0,0001%
Hydrogensulfid <0,0001%

Jupiter (symbol ♃) er den femte planeten frå sola og den største i solsystemet. Namnet kjem frå den romerske guden Jupiter.

Etter ein gammal konvensjon for solsystemet (som er på veg ut) har kart over (og bilete av) Jupiter alltid nord ned og sør opp (slik som på biletet til høgre).

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Jupiter har 2,5 gonger meir masse enn alle dei andre planetane til saman. Han er så massiv at til og med det felles tyngdepunktet med sola ligg utanfor soloverflata (1,068 gonger solradiusen frå sentrum av sola). Han har 318 gonger meir masse enn jorda, elleve gonger større diameter og 1300 gonger større volum. Jupiter blir ofte kalla «ei ufullstendig stjerne», men da kunne au ein asteroide blitt kalla «ein ufullstendig planet». Sjølv om Jupiter er imponerande stor har det blitt funne mykje større planetar i bane rundt andre stjerner. Men, ein meiner at han er så stor som ein planet med samansettinga hans kan vera. Viss ein hadde lagt til masse, ville berre den gravitasjonelle kompresjonen auke (heilt til det tar fyr). Det finst ingen skikkeleg definisjon på kva som skil ein stor og massiv planet som Jupiter frå brune dvergar. Brune dvergar har likevel spesielle spektralliner og uansett ville Jupiter måtta ha 70 gonger større masse før han kunne blitt ei stjerne.

Jupiter har den raskaste rotasjonsfarten i solsystemet, noko som viser seg i at planeten er tydeleg flat ved polane. Dette er det lett å sjå i eit vanleg teleskop på jorda. Den mest kjende overflateforma til Jupiter er Den store raude flekken, ein storm fleire gonger større enn jorda. Jupiter har eit skylag som alltid dekker planeten.

Planeten er vanlegvis det fjerde sterkaste objektet på himmelen (etter sola, månen og Venus. (Men: Nokre gonger vil Mars lyse sterkare enn Jupiter, og ved andre tilfelle vil Jupiter lyse sterkare enn Venus.) Dette har vore kjend blant menneske sidan førhistorisk tid. Oppdaginga av dei fire store månane til Jupiter som Galileo Galilei gjorde i 1610 var den fyrste av himmelrørslene som tydeleg ikkje gjekk rundt jorda. Dette gjorde at Galilei ope støtta det heliosentriske solsystemet og gav han trøbbel med inkvisisjonen.

Fysiske tilhøve[endre | endre wikiteksten]

Planetarisk samansetting[endre | endre wikiteksten]

Jupiter er samansett av ein relativt liten fast kjerne kringsett av metallisk hydrogen igjen kringsett av flytande hydrogen. Det flytande hydrogenet er kringsett av hydrogen i gassform. Det er inga fast grense mellom dei forskjellige hydrogenfasane, overgangen mellom flytande form og gassform er heilt jamn.

Atmosfære[endre | endre wikiteksten]

Detaljbilde av atmosfæren til Jupiter, tatt frå Voyager 1.

Jupiteratmosfæren er sett saman av ~86% hydrogen og ~14% helium viss ein ser på talet av atom. Atmosfæren er derimot ~75 %/24 % viss ein ser på massen; der ~1 % av massen er andre molekyl. Det indre inneheld tettare materiale så fordelinga da blir ~71 %/24 %/5 %. Atmosfæren inneheld spor av metan, vassdamp, ammoniakk, og «berg». Det er au minimale delar karbon, etan, hydrogensulfid, neon, oksygen, fosfine, og svovel. Det yttarste laget av atmosfæren inneheld krystallar av frossen ammoniakk.

Denne atmosfæresamansettinga er veldig lik den støv-/gasskya solsystemet ein gong blei danna frå. Saturn har ein tilsvarande samansetting, men Uranus og Neptun har mykje mindre hydrogen og helium.

Den øvre atmosfæren til planeten har differensiell rotasjon, noko som fyrst blei sett av Giovanni Cassini i 1690. Døgnet til polarområda på Jupiter er ~fem minutt lenger enn døgnet ved ekvator. I tillegg går skyband ved forskjellige breiddegrader i motsett retning av dei vanlege vindane. Vekselverkinga mellom desse kolliderande sirkulerande systema lagar stormar og turbulens. Vindhastigheiter på 600 km/t er ikkje uvanleg. Ein spesielt stor storm på omtrent tre gonger diameteren til jorda er kjend som Den store raude flekken.

Det einaste romfartøyet som til nå har entra jupiteratmosfæren er romsonden Galileo.

Planetringar[endre | endre wikiteksten]

Jupiter har eit svakt ringsystem samansett av røykaktige støvpartiklar som blir kasta av månane under meteornedslag. Hovudringen er samansett av støv frå månane Andrastea og Metis. To flortynne ringar krinsar hovudringen, desse stammar frå Thebe og Amalthea. Det er au ein ekstremt tynn ytre ring som går baklengs om planeten. Opphavet er ikkje kjent, men han kan vera danna av innfanga interplanetært støv.

Magnetosfære[endre | endre wikiteksten]

Jupiter har ein svært stor og kraftig magnetosfære. Han er så stor at viss ein kunne sjå magnetfeltet til Jupiter frå jorda ville det vera fem gonger så stort som fullmånen, sjølv om avstanden er mykje større. Dette magnetfeltet samlar ein stor fluks av partikkelstråling i strålebelta til Jupiter, i tillegg skapar det ei stor gasskive og eit fluksrør forbunde til Io. Magnetosfæren til Jupiter er den største strukturen i solsystemet.

Pioneer-romsondane bekrefta eksistensen av det enorme magnetfeltet, og at det er ti gonger sterkare enn det rundt jorda og inneheld 20 000 gonger så mykje energi. Dei følsomme instrumenta om bord fann ut at den magnetiske nordpolen til Jupiter er på den geografiske sørpolen. Aksen til magnetfeltet er 11 grader frå rotasjonsaksen og ikkje i senter. Dette er tilsvarande som på jorda. Pioneersondane målte «baugsjokket» «bow shock» til magnetosfæren til ei breidd på 26 millionar kilometer, mens magnethalen strekte seg lengre ut enn saturnbanen.

Innsamla data viste at magnetfeltet fluktuerer raskt i storleik på solsida av Jupiter på grunn av trykkvariasjonar i solvinden, ein effekt detaljstudert av Voyager 1 og 2. Det blei au oppdaga at straumar av høgenergiske atompartiklar blir kasta ut av magnetosfæren til Jupiter. Desse fér heilt til jordbanen. Energirike proton blei funne og målte i strålebeltet til Jupiter og elektriske straumar mellom Jupiter og nokre av månane blei oppdaga, da spesielt til Io.

Månane til Jupiter[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel: jupitermånar

1/4 av dei 63 kjende satellittane til Jupiter har ikkje fått endelege namn.

Dei galileiske månane[endre | endre wikiteksten]

Dei galileiske månane er dei fire månane oppdaga av Galileo Galilei. Dei er mykje større enn dei andre månane rundt Jupiter, og er lett synlege i ein liten kikkert eller eit lite teleskop. Faktisk er dei så lyssterke at dei ville vore synlege med det berre auget, hadde det ikkje vore for at Jupiter overstrålar dei. Under gode tilhøve er det mogleg å sjå Callisto med det berre auget. Dei blei for fyrste gongen sett av Galileo Galilei 7. januar 1610.

Galilei observerte rørslene til månane over fleire dagar og forstod at dei går i bane rundt Jupiter. Denne oppdaginga støtta den heliosentriske teorien til Nikolaus Kopernikus og viste at ikkje alt roterer om jorda.

Fyrst kalla Galilei oppdaginga si Cosmica Sidera, til ære for Cosimo II dé Medici (15901621), storhertug av Toscana frå 1609. Galileo ville sikre støtta han fekk av storhertugen. Men etter forslag av Cosimo II bytte han namn til Medicea Sidera («Médicistjernene») fordi Médiciane var fire brør. Oppdaginga blei publisert i Sidereus Nuncius («Stjernemeldingar»), publisert i Venezia i mars 1610 — under to månader etter dei fyrste observasjonane.

Dei galileiske månane. Vist frå venstre mot høgre i aukande avstand frå Jupiter: Io er nærast, så Europa, Ganymede og Callisto.

Blant dei andre namna som blei foreslått er Principharus, Victipharus, Cosmipharus og Ferdinandipharus, foreslått av Giovanni Battista Hodierna. Han var ein lærling av Galilei og forfattaren til dei fyrste efemeridane (Medicaeorum Ephemerides, 1656). Johannes Hevelius kalla dei Circulatores Jovis eller Jovis Comites, og Jacques Ozanam kalla dei Gardes eller Satellites (frå latin satelles, satellitis: eskorte/følgjar). Men det var namna sette fram av Simon Marius (Simon Mayer) som blei ståande. Han hevda at han oppdaga månane samtidig som Galilei; i dag er det umogleg å vite om dette var sant. Namneforslaga hans var Io, Europa, Ganymede og Callisto, publiserte i skriftet Mundus Jovialis av han sjølv, gitt ut i 1614. Galilei nekta standhaftig å nytte namna til Marius, og brukte i staden eit nummersystem som ofte er i bruk enno (parallelt med namna). Tala går frå Jupiter og utover, I, II, III og IV for, etter tur, Io, Europa, Ganymede og Callisto. Galilei brukte dette systemet i notatblokkene sine, men publiserte det aldri.

Tabell over månane til Jupiter[endre | endre wikiteksten]

Legg merke til at dei ytre satellittane ikkje følgjer det enkle omløpsperiode/halvakse-forholdet som Keplers lovar skulle tilseie. Grunnen er at tyngdekrafta til sola forstyrrar banane. Tabellen er sortert på aukande omløpstid, som ikkje er det same som aukande baneradius.

Namn Diameter (km) Masse (kg) Baneradius (km) Omløpsperiode (d) Banehelling (°) Eksentrisitet Gruppe
Metis 43 1,2·1016 128 000 0,295 0,019° 0,0012 Amalthea
Adrastea 26×20×16 7,5·1016 129 000 0,298 0,054° 0,0018
Amalthea 262×146×134 0,2·1018 181 400 0,498 0,388° 0,0031
Thebe 110×90 0,1·1018 221 900 0,675 1,070° 0,0177
Io 3643 0,9·1022 421 800 1,769 0,036° 0,0041 Galileisk
Europa 3122 0,5·1022 671 100 3,551 0,469° 0,0094
Ganymede 5262 1,5·1022 1 070 400 7,155 0,170° 0,0011
Callisto 4821 1,1·1022 1 882 700 6,690 0,187° 0,0074
Themisto 8 0,7·1016 7 284 000 130,020 43,259° 0,2426 Themisto
Leda 20 0,1·1016 11 165 000 240,920 27,457° 0,1636 Himalia
Himalia 170 0,7·1018 11 461 000 250,560 27,496° 0,1623
Lysithea 36 0,6·1016 11 717 000 259,200 28,302° 0,1124
Elara 86 8,7·1016 11 741 000 259,640 26,627° 0,2174
S/2000 J 11 4 9,0·1012 12 555 000 286,950 28,273° 0,2484
Carpo 3 4,5·1012 16 989 000 456,100 51,395° 0,4297  ?
S/2003 J 12 1 0,1·1012 17 582 000 489,500 151,140° 0,5095  ?
Euporie 2 1,5·1012 19 304 000 550,740 145,767° 0,1432 Ananke?
S/2003 J 3 2 1,5·1012 20 221 000 583,880 147,550° 0,1970
S/2003 J 18 2 1,5·1012 20 514 000 596,590 146,104° 0,0221
S/2003 J 16 2 1,5·1012 20 957 000 616,360 148,537° 0,2246 Ananke
Mneme 2 1,5·1012 21 069 000 620,040 148,635° 0,2273
Euanthe 3 4,5·1012 20 797 000 620,490 148,910° 0,2321
Orthosie 2 1,5·1012 20 720 000 622,560 145,921° 0,2808 Ananke?
Harpalyke 4 0,1·1016 20 858 000 623,310 148,644° 0,2268 Ananke
Praxidike 7 0,4·1016 20 907 000 625,380 148,967° 0,2308
Thyone 4 9,0·1012 20 939 000 627,210 148,509° 0,2286
Thelxinoe 2 1,5·1012 21 162 000 628,090 151,417° 0,2206 Ananke?
Ananke 28 0,3·1016 21 276 000 629,770 148,889° 0,2435 Ananke
Iocaste 5 0,2·1016 21 061 000 631,600 149,429° 0,2160
Hermippe 4 9,0·1012 21 131 000 633,900 150,725° 0,2096 Ananke?
Helike 4 9,0·1012 21 263 000 634,770 154,773° 0,1558
S/2003 J 15 2 1,5·1012 22 627 000 689,770 146,501° 0,1910
S/2003 J 17 2 1,5·1012 22 992 000 714,470 164,917° 0,2378 Carme
S/2003 J 10 2 1,5·1012 23 041 000 716,250 165,086° 0,4295 Carme?
Eurydome 3 4,5·1012 22 865 000 717,330 150,274° 0,2759 Pasiphaë?
Pasithee 2 1,5·1012 23 004 000 719,440 165,138° 0,2675 Carme
Chaldene 4 7,5·1012 23 100 000 723,700 165,191° 0,2519
Arche 3 4,5·1012 22 931 000 723,900 165,001° 0,2588
Isonoe 4 7,5·1012 23 155 000 726,250 165,268° 0,2471
Erinome 3 4,5·1012 23 196 000 728,510 164,934° 0,2665
Kale 2 1,5·1012 23 217 000 729,470 164,996° 0,2599
Aitne 3 4,5·1012 23 229 000 730,180 165,091° 0,2643
Taygete 5 0,2·1016 23 280 000 732,410 165,272° 0,2525
S/2003 J 23 2 1,5·1012 23 563 000 732,440 146,314° 0,2714 Pasiphaë
S/2003 J 9 1 0,1·1012 23 384 000 733,290 165,079° 0,2632 Carme
Carme 46 1,3·1016 23 404 000 734,170 164,907° 0,2533
S/2003 J 5 4 9,0·1012 23 495 000 738,730 165,247° 0,2478
Hegemone 3 4,5·1012 23 947 000 739,600 155,214° 0,3276 Pasiphaë
S/2003 J 19 2 1,5·1012 23 533 000 740,420 165,153° 0,2556 Carme
Kalyke 5 0,2·1016 23 566 000 742,030 165,159° 0,2465
Pasiphaë 60 3,0·1016 23 624 000 743,630 151,431° 0,4090 Pasiphaë
Eukelade 4 9,0·1012 23 661 000 746,390 165,482° 0,2721 Carme
Sponde 2 1,5·1012 23 487 000 748,340 150,998° 0,3121 Pasiphaë
Cyllene 2 1,5·1012 23 951 000 751,940 150,123° 0,4116
Megaclite 5 0,2·1016 23 493 000 752,880 152,769° 0,4197
S/2003 J 4 2 1,5·1012 23 930 000 755,240 149,581° 0,3618
Callirrhoe 9 0,9·1016 24 103 000 758,770 147,158° 0,2828
Sinope 38 0,7·1016 23 939 000 758,900 158,109° 0,2495
Autonoe 4 9,0·1012 24 046 000 760,950 152,416° 0,3168
Aoede 4 9,0·1012 23 981 000 761,500 158,257° 0,4322
Kallichore 2 1,5·1012 24 043 000 764,730 165,501° 0,2640 Carme?
S/2003 J 14 2 1,5·1012 24 011 000 779,180 144,529° 0,3351 Pasiphaë
S/2003 J 2 2 1,5·1012 29 541 000 979,990 160,638° 0,2255  ?

Data om banane til dei unamngitte månane kan stadig forbetrast.

Døme på Jupiter i bøker og på film[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Planeten Jupiter

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Bagenal, F. & Dowling, T. E. & McKinnon, W. B. (Eds.). (2004). Jupiter: The planet, satellites, and magnetosphere. Cambridge: Cambridge University Press.
Solsystemet
Sola Merkur Venus Månen Jorda Phobos og Deimos Mars Ceres Asteroidebeltet Jupiter Månane til Jupiter Saturn Månane til Saturn Uranus Månane til Uranus Månane til Neptun Neptun Månane til Pluto Pluto Kuiperbeltet Dysnomia Eris Den spreidde skiva OortskyaSolar System XXVII.png
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet