Planetesimal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein planetesimal er ein liten himmellekam som går i bane rundt sola. Ein trur at desse har eksistert sidan før planetane vart danna

Ein trur at for kring 3,8 milliardar år sidan, etter ein perioden kjend som det seine, kraftige bombardementet, var dei fleste planetesimalane i solsystemet anten kasta ut av solsystemet, i store eksentriske banar som Oortskya, eller hadde kollidert med større lekamar. Ei par planetesimalar kan ha blitt fanga inn som månar, slik som Marsmånane Phobos og Deimos.

Planetesimalar som har overlevd fram til i dag er verdifulle for forskarar fordi dei inneheld informasjon om utviklinga av solsystemet. Sjølv om det ytre av desse planetesimalane er påverka av intens solstråling, som kan ha endra dei kjemiske forholda der, er det indre av desse lekamane urørte sidan dei vart danna. Dette gjer dei til ein «tidskapsel» som kan sei noko om tilhøva i gasskya som låg kring sola før planetane vart danna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]