Planking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Planking på ein krakk.

Planking er ein aktivitet der ein legg seg med nasen mot bakken og hendene inntil kroppen som ein planke, på ein uvanleg stad. Det å få teke eit bilete av det, og leggja det ut på internett, er ein del av spelet. Ein konkurrerer i å finna den mest uvanlege og originale plassen å ligga. I visse høve, der ein har prøvd å planka på risikable stader, har planking ført til dødsfall.

To ulike grupper gjer krav på å ha funne opp leiken: Britar i Somerset i 2000, som «the lying down game», eller australiarar i Sør-Australia i 2009, der han fekk namnet «planking». Det var under dette namnet han spreidde seg til store delar av verda gjennom sosiale nettverk som Facebook.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]