Plantearten fuglereir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fuglereir

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga

Neottia nidus-avis plants.jpg

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Neottia
Art: N. nidus-avis
Vitskapleg namn
Neottia nidus-avis
(Linné) R.Br.
Økologi
Habitat: kalkrik skog
Utbreiing: Europa, vestlege Asia

Fuglereir (Neottia nidus-avis) er ei plantefuglereirslekta Neottiaorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Fuglereir er utan klorofyll og snyltar på andre planter for å få næring. Planta blir kring 30 centimeter høg og er brun, slik at ho kan sjå ut som ho har visna. Einskildblomane er gulbrune med relativt stor, kløyvd leppe, og sit i eit ganske stort og tett aks. Rotsystemet er svært forgreina og samanfiltra, noko som har gitt arten namn.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var fuglereir den einaste representanten i Noreg for slekta Neottia, men nyare genetisk forsking har synt at den tidlegare tvibladslekta Listera skal innlemmast i denne slekta, trass i dei store morfologiske ulikskapane.[2][3][4]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Fuglereir veks i kalkrik skog, og har hovudutbreiinga i Noreg nær kysten frå Oslofjorden til Trøndelag.[5] Frå 2021 er arten komen med på Norsk raudliste for artar som nær truga (NT).[6]

Arten finst òg i Sverige (LC) (svensk namn: «nästrot»),[7] i Danmark (LC) (dansk namn: «rederod»)[8] og i Finland (NT) (finsk namn: «pesäjuuri»).[9]

Fuglereir (engelsk namn: «bird's-nest orhid») veks mange stader i England, Wales, Skottland og Irland. I den britiske raudlista har arten status som nær truga (NT).[10] Lokalt er han sårbar (VU) i England,[11] livskraftig (LC) i Wales,[12] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[13] Arten er livskraftig i Irland,[14]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar fuglereir». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre fuglereir». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  3. Richard M. Bateman mfl. (2005). «Phylogenetics: Neottieae». I Alec M. Pridgeon mfl. Genera Orchidacearum Volume 4: Epidendroideae 1. Oxford: Oxford University Press. s. 481–495. ISBN 9780198507123. 
  4. Richard M. Bateman (2009). «Evolutionary classification of European orchids: the crucial importance of maximising explicit evidence and minimising authoritarian speculation» (PDF). Journal Europäischer Orchideen. 41 (2): 243–318. ISSN 0945-7909. 
  5. «Artskart: Fuglereir, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  6. «Raudlista: Fuglereir». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 3. mars 2022. 
  7. «Artfakta: Neottia nidus-avis nästrot». Artdatabanken. Henta 6. mars 2022. 
  8. «Naturbasen: Rederod Neottia nidus-avis». Naturbasen. Henta 6. mars 2022. 
  9. «LAJI: Neottia nidus-avis». LAJI.FI. Henta 6. mars 2022. 
  10. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  11. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  12. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru» (PDF). Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  13. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  14. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]