Hopp til innhald

Plantebor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plantebor.

Plantebor er ein reiskap nytta for å skogplanting. Reiskapet er utforma som ein liten halvsirkelforma spade, og vert nytta for planting av barrotplanter[1]. Plantaren presser reiskapet ned i marka med hendene og ved å setta ein fot på toppen av bladet. Ein vrir så reiskapen rundt om lag ein halv omdreining, for å skjera ut ein jordklump, som så vert lagt til side. Ein legg deretter rottrevlene på barrotplanta mot veggane i holet, for til slutt å fylla att holet med jord frå klumpen som vart lagt til side. Plantebor høver best der skogbotnen er laus, så det kan ikkje brukast der det er mykje stein i skogbotnen.

Reiskapen kan òg nyttast for å flytta planter i ein hage, eit gartneri eller ein planteskule. Ein set då bladet tett inntill planta og vrid det rundt, slik at ein får med ein jordklump rundt røterne.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]