Hopp til innhald

Plantehakke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grasaas plantehakke.

Plantehakke er ei hakke som vert nytta for å skogplanting. Plantehakker kan nyttast både for barrot- og dekkrotplanter[1]. Under planting flerrar ein av lyng og gras i eit lite område på omlag 30x30 cm og grev så eit hol djupt nok til at planterøterne får plass. På flatmark plasserer ein holet midt i barflekken, medan ein i skrått terreng plasserer det i nerkant. Ein pakkar så jord inntil og over planterota.

Etter at planteskulane på 1970-talet byrja å levera dekkrotplanter, der rottvelene er omslutta av jord- eller torvmasse, har ein i stort mon gått over til å planta dekkrotplanter med planterøyr der skogbotnen er laus. Men i hard skogbotn høver plantehakker betre.

I tillegg til plantehakker for skogbruk finst det òg eit stort utval av plantehakker mynta på bruk i hagar og gartneri.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Plantetips, Skogselskapet.