Plas Johnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plas Johnson
Fødd21. juli 1931 (87 år)
FødestadDonaldsonville i Louisiana i USA
FødenamnPlas John Johnson jr.
OpphavUSA
SjangerJazz
InstrumentSaksofon
Tilknytte artistarB.B. King, Johnny Otis, Henry Mancini, Neil Hefti, The Wrecking Crew, B. Bumble and the Stingers
PlateselskapCapitol Records
Verka somStudiomusikar

Plas John Johnson jr. (fødd 21. juli 1931) er ein USA-amerikansk soul-jazz- og hard bop-tenorsaksofonoist, truleg mest kjend som tenorsaksofonisten på Henry Mancini sin «The Pink Panther Theme».

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Fødd i Donaldsonville, han og pianistbroren Ray spelte først som the Johnson Brothers i New Orleans seint i 1940-åra, og Plas turnerte så med R&B-songaren Charles Brown. Etter teneste i hæren flytta han til Los Angeles og byrja som fulltids studiomusikar for artistar som B.B. King og Johnny Otis i tillegg til andre R&B-artistar. Ein tidleg støttespelar var Maxwell Davis, som hyrte han til å ta over sine eigne partar, slik at han kunne konsentrere seg om å produksjon for Modern Records.

Johnson vart rekruttert av Capitol Records i midten av 1950-åra og han spelte på mange innspelingar av Peggy Lee, Nat «King» Cole, Glen Gray, Frank Sinatra og andre. Han vart ein leiande studiomusikar dei neste tjue åra, og spelte i snitt på to innspelingar kvar dag på alt frå filmmusikk til rock and roll-singlar, av artistar som Ricky Nelson og Bobby Vee. Han spelte på mange Beach Boys-innspelingar, og var ein viktig del av mange instrumentalgrupper som eksisterte berre på papiret, som B. Bumble and the Stingers og The Pets. Seint i 1950- og tidleg i 1960-åra var han fast medlem av Henry Mancini sitt studioorkester og i 1963 spelte han på Pink Panther-temaet. Ein annan solo for ein kjend fjernsynsserie var på The Odd Couple. Johnson vart òg nytta av Motown, og spelte på hittar av Marvin Gaye, the Supremes og andre. Johnson spelte på innspelingar for Nancy Sinatra.

Johnson spelte i 1963 på albumet Ella Fitzgerald Sings the Jerome Kern Songbook med arrangøren Nelson Riddle.

I 1964 spelte Johnson på «Blue Martini» (Ava Records), eit konseptalbum av John Neel. Det var eit banebrytande album der saksofonen var hovudstemma omgjeve av eit fullt strykeorkester.

I 1970 vart han med i studiobandet til «The Merv Griffin Show» og spelte òg i mange jazz- og swingband i perioden.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Rockin' with Plas (Capitol, 1957)
  • This Must Be the Plas (Capitol, 1959)
  • Mood for the Blues (Capitol, 1960)
  • Blue Martini/John Neel Orchestra (Ava, 1964)
  • The Blues (Concord Jazz, 1975)
  • Positively (Concord Jazz, 1976)
  • L.A. 1955 (Carell Music, 1983)
  • Keep That Groove Going! (med Red Holloway) (Milestone, 2001)

Som sidemann[endre | endre wikiteksten]

Med Henry Mancini

Med Duane Eddy

Med Chet Baker

Med Clifford Coulter

Med Lalo Schifrin

Med Les Baxter

  • Jungle Jazz (Capitol, 1958)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]