Skeistork

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Platalea leucorodia)
Skeistork
Skeistork Foto: Andreas Trepte
Skeistork
Foto: Andreas Trepte
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av skeistork
Utbreiinga av skeistork
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Aequornithes
Orden: Pelikanfuglar Pelecaniformes
Familie: Ibisfamilien Threskiornithidae
Underfamilie: Plateinae
Slekt: Skeistorkar Platalea
Art: Skeistork P. leucorodia
Vitskapleg namn
Platalea leucorodia

Skeistork (Platalea leucorodia) er ein fugl i ibisfamilien, Threskiornithidae, med utbreiing avgrensa til «den gamle verda».

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Skeistorken er ein stor, kvit vassfugl med eit langt, særeige, spatelforma nebb. Beina er svarte, nebbet mørkt med ein guloransje flekk mot oversida av tuppen. I hekkedrakta har han ein kvit fjørkam og gul flekk på brystet. Flekken kan danne ein komplett ring opp mot nakken. Storleiken er litt mindre enn for ein gråhegre, med kroppslengd på 70–95 centimeter, vengespenn på 115–135 cm og kroppsvekt på 1130–1960 gram. På avstand kan han minne om kvite hegrar, slik som den langt mindre silkehegren, men i flukt tar han seg ut som ein stork med utstrekt hals.[1]

Desse fuglane er stort sett tause. Sjølv på hekkeplassen er dei viktigaste lydane klapping med nebbet, sporadisk djup gryntande og sporadiske trumpetlydar.

Skeistorkegg

Som hekkefugl er skeistorken ein palearktisk art, hekkar frå Storbritannia og Spania i vest til Japan i aust, dessutan òg i Nord-Afrika. Dei fleste fuglane trekkjer til tropane om vinteren, europeiske hekkefuglar reiser i hovudsak til Afrika, men nokre få er igjen i milde vinterområde i Vest-Europa. Arten vart utrydda frå Storbritannia, men sporadiske hekkeforsøk på byrjinga av 2000-talet kulminerte med danninga av ein veksande koloni frå år 2010.[2] Arten er ein sjeldan streiffugl i Noreg.[3]

Habitat[endre | endre wikiteksten]

Skeistorkar viser ein preferanse for omfattande grunne våtmarker med gjørmete eller fine sandsenger. Dei kan beite i alle typar myrer, breidder av elver og innsjøar, oversumde område og mangrovesumpar, anten i ferskvatn, brakkvatn eller saltvatn, men spesielt der det finst øyar for hekking. Skeistorkar kan òg tidgjengt halde seg i skjerma marine naturtypar gjennom vinteren, slik som i deltaer, elvemunningar, estuar og kystlagunar.[4]

Kosthald[endre | endre wikiteksten]

Dietten er mangfaldig sett saman av vasslevande insekt, blautdyr, salamander, krepsdyr, ormar, iglar, froskar, rumpetroll og småfisk opptil 10–15 cm lange. Det kan jamvel ete algar eller små fragment av vassplanter.[4]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Dei mest nordlege hekkebestandane er komplette trekkfuglar, meir sørlege populasjonar lever nomadisk eller er delvis trekkfuglar. Hekking skjer normalt i koloniar utan andre artar, tidvis i koloniar med andre vassfuglar som hegrar og skarvar. Utanfor hekkesesongen beitar skeistorkar einskildvis eller i små flokkar på opp til 100 individ. Migrasjon skjer vanlegvis i flokkar på opp til 100 individ. Dei fleste aktivitetane føregår i løpet av morgonen og kvelden, men i kystnære område vil beitinga vere styrt av tidevassrytmane.[4]

Reiret er ei plattform av pinnar og vegetasjon som anten er bygd på bakken på øyar i innsjøar og elver eller inne i tettvekst siv, buskar, mangrovar eller oppe i lauvtre opp til 5 m over bakken. Innanfor koloniane ligg reirplassane vanlegvis ganske nær kvarandre, avstanden er ikkje meir enn ein eller to meter mellom reira. Hekkekolonier er normalt plassert innanfor 10–15 km av beiteområda, ofte mykje mindre, sjølv om arten kan òg beite opp til 35–40 km unna.[4]

Vern og trugsmål[endre | endre wikiteksten]

Truslar mot denne arten inkluderer habitatøydelegging grunna drenering og nedbrytning av forureining, arten er spesielt negativt påverka av forsvinninga av sivsumpar. I Hellas har overfiske og uro forårsaka nedgang i populasjonen lokalt, og menneskeleg utnyttelse av egg og ungar for mat har truga arten i det siste.[4] Storleiken på den global populasjonen er estimert til 66 000–140 000 individ, av dette 10 300 hekkande par i Europa.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Matheu, E., del Hoyo, J., Christie, D.A., Garcia, E.F.J., Kirwan, G.M. & Boesman, P. (2016) Eurasian Spoonbill (Platalea leucorodia) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 2. desember 2016
  2. The Yorkshire Post Birdwatch: Hungry spoonbills on the hunt 10. juli 2016, henta 2. desember 2016
  3. Søk på artsobservasjoner.no den 27. november 2016
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 BirdLife International (2016) Species factsheet: Platalea leucorodia. Henta frå http://www.birdlife.org den 2. desember 2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Skeistork