Platz des 18. März

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Platz des 18. März med Brandenburger Tor

Platz des 18. März er ein plass i Berlin som ligg i enden av Straße des 17. Juni, på vestsida av Brandenburger Tor. På andre sida av porten ligg Pariser Platz.

Namnet på plassen er eit minne om hendingar som fann stad den 18. mars: Marsrevolusjonen i 1848 og dei første frie folkekammervala i DDR i 1990, då veljarane med stort fleirtal slutta seg til ei tysk gjenforening.

Skilt med det nyaste namnet på Platz des 18. März.

Plassen har tidlegare heitt Platz vor dem Brandenburger Tor (1700-talet til 1934), Hindenburgplatz (1934-1958, etter presidenten Paul von Hindenburg som døydde i 1934), så igjen Platz vor dem Brandenburger Tor (1958-2000). I 1997 bestemte bydelsutvalet i bydelen Mitte at dei ville kalla plassen Platz des 18. März 1848. Dette blei ikkje støtta av senatet i Berlin under bygningssenator Jürgen Kleemann (CDU). Forbundsdagspresidenten Wolfgang Thierse (SPD) føreslo så Platz des 18. März som eit kompromiss, slik at plassen både blei kalla opp etter hendingane i 1848 og den demokratiske revolusjonen i 1990. Det nye namnet blei offisielt den 15. juni 2000.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]