Plauen
| Plauen | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stat | Sachsen | ||
| Region | Chemnitz | ||
| Landkreis | Kreisfri by | ||
| Høgd | 412 m | ||
| Areal | 102,11 km² | ||
| Folketal | 65 218 (31. desember 2023) | ||
| Grunnlagd | 1100-talet | ||
| Postnummer | 08523–08529 | ||
| Retningsnummer | 03741 | ||
| Bilnummer | PL | ||
![]() Plauen 50°29′42″N 12°08′18″E / 50.495°N 12.138333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Plauen | |||
Plauen er ein by i Tyskland ved elva Weiße Elster i delstaten Sachsen med om lag 65 000 innbyggjarar. Byen ligg nær grensa til Bayern og Tsjekkia.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart grunnlagd av slavarar på 1100-talet og vart ein del av Böhmen i 1327 og av Sachsen i 1466. På 1800-talet vart Plauen eit senter for tekstilproduksjon, særleg blonder. I 1912 nådde Plauen toppen når det gjeld folketal med 128 000 innbyggjarar.
I 1930-talet fekk Plauen den tvilsame æra av å halde det første nazimøtet utanfor Bayern.
Frå 1945 var byen ein del av den sovjetiske okkupasjonssonen i Tyskland, og frå 1949 til 1990 høyrte han til Aust-Tyskland. I løpet av denne perioden var det ein stor sovjetisk okkupasjonsgarnison i byen og dei siste åra låg det ein offisersskule for grensesoldater her (Grenztruppen der DDR). Innbyggjartalet i byen fall dramatisk etter den andre verdskrigen. Plauen var den første byen i tidlegare Aust-Tyskland som fekk ein McDonald's-restaurant.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Plauen» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juni 2007.

