Please Mr. Please

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Please Mr. Please
Singel av Olivia Newton-John
frå albumet Have You Never Been Mellow
Utgjeve 1975
Sjanger Country, pop
Lengd 3:31
Selskap MCA
Låtskrivar(ar) Bruce Welch, John Rostill
Produsent John Farrar
Olivia Newton-John-kronologi
«Have You Never Been Mellow»
(1975)
Please Mr. Please «Something Better to Do»
(1975)


Please Mr. Please
Singel av Bruce Welch
B-side Song of Yesterday
Utgjeve 19. april 1974
Selskap EMI
Låtskrivar(ar) Bruce Welch, John Rostill
Produsent Bruce Welch

«Please Mr. Please» er ein popsong frå 1975 av den australske songaren Olivia Newton-John. Songen vart skriven av Bruce Welch og John Rostill, begge medlemmar av det britiske bandet til Cliff Richard, The Shadows.[1] Welch hadde opphavleg spelt inn songen for seg sjølv i 1974[2] utan suksess. Songen vart gjeven ut på Newton-John-albumet Have You Never Been Mellow.

Han vart gjeven ut som singel i 1975 og nådde topp 10 på tre Billboard-lista i USA det året. På poplista nådde songen 3. plassen i august 1975, og låg inne på topp 40 i 12 veker. Dette var den femte singelen på rad Newton-John hadde inne på topp 10 på denne lista.[3]countrylista nådde songen femteplassen og på adult contemporary-lista låg songen på toppen av lista i tre veker.[1] Singelen selde til gullplate i USA.[4]

«Please Mr. Please» vart sungen på tsjekkisk som «Nechci Už Víc» av Helena Blehárová og på finsk som «Viistoista Siis» av Taiska. Han er òg sungen på fransk av Claude François som «Pourquoi pleurer?».

Liste[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Australian Kent Music Report[treng kjelde] 35
Canadian RPM Country Tracks[5] 1
Canadian RPM Adult Contemporary Tracks[6] 1
Canadian RPM Top Singles[7] 1
Recording Industry Association of New Zealand[treng kjelde] 7
U.S. Billboard Hot Country Singles[3] 5
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks[1] 1
U.S. Billboard Hot 100[treng kjelde] 3

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Hyatt, Wesley (1999). The Billboard Book of #1 Adult Contemporary Hits (Billboard Publications)
  2. http://www.45cat.com/artist/bruce-welch Bruce Welch single release information
  3. 3,0 3,1 Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, 8th Edition (Billboard Publications)
  4. «American single salstrofé – Olivia Newton-John – Please Mister Please». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  5. «RPM Country Tracks for September 6, 1975». RPM. Henta 29 July 2011. 
  6. «RPM Adult Contemporary for August 9, 1975». RPM. Henta 29 July 2011. 
  7. «RPM Top Singles for August 9, 1975». RPM. Henta 29 July 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]