Please to See the King

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Please to See the King
Studioalbum av Steeleye Span
Utgjeve Mars 1971
Innspelt Seint i 1970
Studio Sound Techniques i Chelsea i London
Sjanger Britisk folkrock
Lengd 41:39
Selskap B&C (Storbritannia)
Big Tree (USA)

Mooncrest (1. UK nyutgjeving)
Chrysalis (UK & US nyutgjeving)
Produsent Sandy Roberton
Steeleye Span-kronologi 
Hark! The Village Wait
(1970)
Please to See the King Ten Man Mop, or Mr. Reservoir Butler Rides Again
(1971)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]

Please to See the King er det andre studioalbumet til Steeleye Span, gjeve ut i 1971. Det skjedde mange endringar i besetninga til bandet etter debutplata, Hark! The Village Wait, noko som endra musikkstilen deira noko. Mellom anna hadde dei ikkje trommeslagar og ein av dei kvinnelege vokalistane var byta ut med ein mannleg vokalist. Bandet spelte inn på ny ein av songane dei hadde spelt inn for debutplata, «The Blacksmith», med eit heilt anna arrangement og mykje bruk av synkopering.

Albumtittelen kjem frå seremonien kalla «Cutty Wren». Ein gjekk i ein parade med ein gjerdesmett i eit bur, som om det var ein konge. Ritualet vart utført 26. desember og er knytt til tidlege juletradisjonar. Songen «The King», som finst på albumet, omhandlar dette, og er ofte framført som ein julesong.

Alle songane å albumet er tradisjonelle. «The False Knight on the Road» er ein av Child-balladane (#3) og omhandlar ein gut og djevelen som stiller gåter til kvarandre. Tim Hart og Maddy Prior hadde alt spelt inn ein versjon av songen på albumet deira Summer Solstice. «The Lark in the Morning», ein av dei meir populære songane deira, har same tittelen som ein annan song om ein energisk ploggut. Denne versjonen vart innhenta av Ralph Vaughan Williams. «Boys of Bedlam», ein variant av «Tom o' Bedlam», vert fortalt frå synspunktet til ein person på eit galehus. Carthy og Prior opna songen med å syngje inn i baksida av banjoane deira, som skapte ein lyddempane effekt. Bandet nyttar den tidlegaste trykte versjonen av songen, frå Wit and Mirth, or Pills to Purge Melancholy av Thomas d'Urfey.

Melody Maker kåra dette albumet til årets folkemusikkalbum. Musikkjournalisten Colin Irwin skildrar i boka si In Search of Albion dette albumet som eit av dei folkrockalbuma han likar best. Albumet nådde 45. plassen på den britiske albumlista. Det vart opphavleg gjeve ut på B & C Records, før rettane vart kjøpt opp av Mooncrest Records. Dei gav ut albumet same året med nytt plateomslag. Det kom samstundes ut i USA på Big Tree Records.

I 2006 gav Castle Music ut albumet på ny på ein dobbel CD med fleire ekstra spor frå radio- og TV-framføringar.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er tradisjonelle songar.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«The Blacksmith»4:46
2.«Cold Haily, Windy Night»4:35
3.«Jigs: Bryan O'Lynn / The Hag With The Money»3:17
4.«Prince Charlie Stuart»4:14
5.«Boys of Bedlam»4:19
Side to
Nr.TittelLengd
6.«False Knight On The Road»2:43
7.«The Lark in the Morning»4:30
8.«Female Drummer»4:02
9.«The King»1:28
10.«Lovely on the Water»5:19
Bonusspor på vinyl- og CD-utgåva frå 1991
Nr.TittelLengd
11.«Rave On!» (Buddy Holly)1:22
Bonusspor på 2006-utgåva - BBC «Top Gear» 23. juni 1970
Nr.TittelLengd
11.«The Blacksmith»4:23
12.«Female Drummer»3:15
13.«Rave On!»1:22
14.«I Was a Young Man»3:51
15.«The Lark in the Morning»3:41
Bonusspor på 2006-utgåva - BBC «Stuart Henry Show» 23. juli 1970
Nr.TittelLengd
16.«The King»1:26
17.«Prince Charlie Stuart»4:10
18.«The Bold Poachers»5:27
Bonusplate med 2006-utgåva
Nr.TittelLengd
1.«College Grove / Silver Spear»2:51
2.«Lay Down Your Weary Tune» (Bob Dylan)4:20
3.«False Knight on the Road»3:22
4.«Jigs: Hitler's Downfall / The Hag with the Money»1:58
5.«Female Drummer (Mk I)»3:50
6.«Wee Weaver»4:23
7.«Reel»2:36
8.«Female Drummer (Mk II)»4:12
9.«General Taylor»3:36
10.«Farther Along»3:10
11.«Two Reels»2:32
12.«Let's Dance»1:45
13.«Bring 'em Down / A Hundred Years Ago»2:40
14.«The Lark in the Morning»3:52
15.«The King»1:24
16.«Jigs: Bryan O'Lynn / The Hag with the Money»2:13
17.«The Blacksmith»3:49
  • Spor 1-7 frå BBC «Folk on 1» 17. oktober 1970
  • Spor 8-11 frå BBC «Stuart Henry Show» 4. februar 1971
  • Spor 12-14 frå BBC «Top Gear» 27. mars 1971
  • Spor 15-17 frå BBC TV (ukjend dato)

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produsent - Sandy Roberton

Kjelder[endre | endre wikiteksten]