Plug In Baby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plug In Baby
Song av Muse
frå albumet Origin of Symmetry
Land England
Språk Engelsk
Utgjeve 5. mars 2001
Innspelt 2001, Ridge Farm Studios, Surrey
Sjanger Alternative Rock, hard rock, new prog
Lengd 3.39 (Album/singel versjon), 3.18(Radio edit)
Selskap Mushroom
Låtskrivar(ar) Matthew Bellamy
Produsent David Bottrill, Muse
Muse-kronologi
Muscle Museum Plug In Baby New Born


«Plug In Baby» er ein song av det engelske alternative rockebandet Muse som er med på det andre studioalbum deira, Origin of Symmetry, frå 2001. Songen blei utgjeven som hovudsingelen frå albumet den 5. mars 2001. Det blei den singelen som nådde høgast opp på UK Singles Chart av bandet sine songar med 11. plass, fram til den blei overgått av «Our Time Is Running Out», som nådde åttande plass i 2003. I dag blir Plug In Baby rekna som ein av Muse sine mest kjende songar. Det er liveinnspelingar av songen å finne på live albuma Hullabaloo Soundtrack (2002) og HAARP (2008). «Plug In Baby» fekk særs god kritikk for gitar-riffet i opninga, og lesarane til magasinet Total Guitar kåra det til den beste gitar-riffet frå 2000-talet.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

«Plug In Baby» er ein elektronisk rocke-song skrive i D-dur. Hovudsakleg er gitar og bass brukt. Songen har eit tempo på 135 bpm og har ein riff basert på den harmoniske mollskalaen.

I andre medium[endre | endre wikiteksten]

Songen har vært med på videospela Guitar Hero 5 og Rocksmith.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen bygger på «Plug In Baby» frå Wikipedia på engelsk, den 19. august 2015.