Plumbo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plumbo

Lars Erik Blokkhus under den andre delfinalen i Melodi Grand Prix 2012.
OpphavVestfold i Noreg
MedlemmerLars Erik Blokkhus
Tommy Elstad
Hasse Rønningen
Glenn Hauger
PrisarSpellemannprisen for årets hit

Plumbo er ei norsk rockegruppe frå Vestfold. Gruppa gav ut sitt fyrste album i 2002 og syng på norsk. Dei vann den andre delfinalen i Melodi Grand Prix 2012 med songen «Ola Nordmann» og gjekk vidare til finalen. I finalen gjekk dei vidare til gullfinalen og enda på fjerdeplass.

Spellemannprisen 2011[endre | endre wikiteksten]

Under Spellemannprisen 2011, 15. januar 2012, vann Plumbo prisen «årets hit» for songen Møkkamann. Då Plumbo skulle framføre sin takketale snudde vokalisten Lars Erik Blokkhus seg til Madcon og sa: «Veit du kva, når eg ser på dykk to så får låta plutseleg eit nytt namn - mokkamann». Saka fekk mykje oppmerksemd i media, mellom anna på Twitter. Plumbo vart bua av scena og fleire forlét salen fordi Blokkhus spøkte om hudfarga til Tshawe Baqwa og Yosef Wolde-Mariam i Madcon. Seinare på kvelden helte Terje Winterstø Røthing frå Kaizers Orchestra eit glass øl over hovudet på Plumbo-vokalisten. Madcon kalla Blokkhus for eit «fittehøl». Seinare kom både Røthing, Madcon og Blokkhus med unnskyldningar for utsegna og handlingane sine. Manageren til Madcon, Peter Peters sa at Madcon ikkje fekk med seg kva som vart sagt på scena og at det var ein mediaskapt sak. Etter hendinga heldt NRK møte og kom fram til at Plumbo skulle få deltake i Melodi Grand Prix 2012.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]