Plym
| Plym | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Plym 50°22′00″N 4°07′00″W / 50.366666666667°N 4.1166666666667°W | |||
| Wikimedia Commons: River Plym | |||

Plym er ei elv i Devon i England. Ho renn frå Dartmoor i sentrum av fylket sørvestover til ho møter Meavy, og deretter sørover mot munningen i Plymouth Sound. Elva er populær blant kanopadlarar, og Plym Valley Railway går langs ein del av elva.
Løp
[endre | endre wikiteksten]Kjelda til elva er rundt 450 meter over havet på Dartmoor, i eit myrområde i opplandet som blir kalla Plym Head.[1][2] Frå dei øvre delane renn elva stort sett sørvestover forbi leireuttak på Shaugh før Dewerstone, der det møter elva Meavy. Elva endrar så kurs til å renna sørover, mellom Plymouth og Plympton som går gjennom Plymbridge Woods og under den gamle brua Plym Bridge. Det øvre tidvassestuaret er kjent som Laira og den nedre delen er kjend som Cattewater. Dette er farbart og fører ut til Plymouth Sound.[3][4] Elva er kring 22 km lang.[5]
Namn
[endre | endre wikiteksten]Namnet «Plym» har truleg gammalengelsk opphav og tyder ‘plommetre’ (ploumenn), ei tilbakedanning frå namnet «Plympton». Hamna Plymouth har namn etter elva.[6]
Historie
[endre | endre wikiteksten]
Då han var i drift gjekk Cann Quarry-kanalen ut frå elva ved Marsh Mills.[7]
Veteranjernbanen Plym Valley Railway går langs Plym. Han opna i 1856 som ein del av South Devon and Tavistock Railway. Linja blei stengd for passasjerar i 1962, og godtenesta blei stengd fire år seinare. Den nye jernbanen er ein frivillig driven jernbane som nyttar damp- og diesel-drivne lokomotiv. Den fyrste delen frå Plym Valley frå Marsh Mills-stasjonen opna i 2001, med eid utviding til Lee Moor Crossing i 2008.[8] I 2013 blei linja utvida til Plymbridge.[9] Resten av linja er ein del av Plym Valley Trail, einsykkelrute frå Plymouth til Ilfracombe.[10]
Fritid
[endre | endre wikiteksten]Plym er ei populær elv å padla kano i. Den øvre delen i Dartmoor, frå Cadover Bridge til Shaugh Bridge, er sett på som ei utfordring og er blitt skildra av British Canoe Union som den vanskelegaste delen av elva å navigere. Plym er ofte den fyrste elva som fyller seg under kraftig nedbør, og ei av dei fyrste som fell etterpå. Erfarne kanopadlarar dømmer vassnivået nøye med omsyn til vêret. Denne delen har nokre fall som ikkje er tilrådelege for nybyrjarar. Dei nedre delane forbi Shaugh Bridge til Bickleigh Bridge er lettare å navigera etter det fyrste stryket, så lenge elva har tilstrekkeleg vassnivå.[11]
Plym er også rik på laks og elve- og sjøaure. Fiske er tillate både i nedre og øvre del av elva. Mykje av løpet er forvalta av Plymouth & District Freshwater Angling Association.[12]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «The River Plym: Source to Saltram». National Trust Dartmoor. Arkivert frå originalen 28 August 2016. Henta 15 August 2016.
- ↑ Torbay and South Dartmoor (Map). Ordnance Survey Landranger Series. 2015.
- ↑ Plymouth and Launceston (Map). Ordnance Survey Landranger Series. 2015.
- ↑ «Plym - Summary». Catchment Data Explorer. Environment Agency. Henta 16 August 2016.
- ↑ «River Plym», Britains Rivers (på engelsk), henta 2025-05-25
- ↑ Holpin 2014, s. 111.
- ↑ Hadfield, Charles (1985). The Canals of Southwest England (2nd utg.). Newton Abbot, Devon: David & Charles. s. 122-123. ISBN 0-7153-8645-X.
- ↑ Colin G. Maggs (2013). The Branch Lines of Devon: Plymouth, West & North Devon. Amberley Publishing Limited. s. 22–26. ISBN 978-1-445-62560-7.
- ↑ «Historic journey marks Plymouth rail line's reopening». Plymouth Herald. 3 January 2013. Henta 15 August 2016.
- ↑ «Devon Coast to Coast cycle route». BBC News. 24 September 2014. Henta 15 August 2016.
- ↑ British Canoe Union (2003). English White Water: The British Canoe Union Guidebook. Pesda Press. s. 76. ISBN 978-0-953-19567-1.
- ↑ «Plymouth and District Freshwater Angling Association». Plymouth and District Freshwater Angling Association (på amerikansk engelsk). Henta 2020-06-02.
- Denne artikkelen bygger på «River Plym» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mai 2025.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Holpin, Gary (2014). Exmouth to Plymouth: Britain's Heritage Coast. Amberley Publishing Limited. ISBN 978-1-445-62157-9.
