Poľana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Poľana i Slovakia

Poľana er ei lita fjellkjede sentralt i Slovakia. Ho ligg nordaust i fjella Slovenské stredohorie. Den høgaste toppen er Poľana - ein inaktiv stratovulkan - på 1458 meter over havet.

Fjellkjeda grensar til Dei slovakiske malmfjella i aust, eller meir presist Veporské vrchy, og Zvolenbekenet i sør og vest.

SIdan 1981 har fjellkjeda vore verna som ein del av Poľana verna landskapsområde. Av stader i nærleiken finn ein Hrochoť, Očová, Detva, Hriňová og Ľubietová.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 48°37′59″N 19°28′1″E