Poco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Poco
PocoBand07.jpg
Poco i 2007 V-H: Young, Lawrence, Cotton og Sundrud
OpphavLos Angeles i California i USA[1]
AktivSidan 1968
SjangerCountryrock, folkrock, softrock
Tilknytte artistarBuffalo Springfield, Eagles, Great Plains, Loggins and Messina, The Sky Kings, Souther–Hillman–Furay Band
PlateselskapEpic, ABC, MCA
MedlemmerRusty Young
Jack Sundrud
Rick Lonow
Tom Hampton
Tidlegare medlemmerGeorge Grantham
Richie Furay
Jim Messina
Randy Meisner
Timothy B. Schmit
Paul Cotton
Al Garth
Steve Chapman
Charlie Harrison
Kim Bullard
Rick Seratte
Jeff Steele
Dave Vanecore
Gary Mallaber
Richard Neville
Tim Smith
George Lawrence
Michael Webb
Lex Browning

Poco er eit USA-amerikansk countryrockband opphavleg skipa av Richie Furay, Jim Messina og Rusty Young, etter at Buffalo Springfield vart oppløyst i 1968.[1] Poco var ein del av den første bølgja av artistar innan countryrock frå vestkysten. Tittelen på det første albumet, Pickin' Up the Pieces, er ein referanse til oppløysinga av Buffalo Springfield. Gjennom åra har Poco spelt med forskjellige besetningar og er framleis aktive.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Starten[endre | endre wikiteksten]

Under innspelinga av det tredje og siste Buffalo Springfield'-albumet, Last Time Around, spelte songarane Stephen Stills, Neil Young og Richie Furay inn sine eigne songar utan at dei andre medlemmane var til stades. Ein solosongane til Furay var den countryaktig balladen «Kind Woman», som han spelte inn med hjelp av produsenten/lydteknikaren/bassisten Jim Messina og pedalsteelgitarist Rusty Young.[2]

Då Buffalo Springfield vart oppløyst, valte Furay, Messina og Rusty Young å starte si eiga gruppe orientert mot slike songar. Den originale besetninga var Furay (vokal and rytmegitar), Messina (sologitar, vokal, produsent), Rusty Young (pedalsteelgitar, banjo, dobro, gitar, mandolin og vokal), George Grantham (trommer og vokal) og Randy Meisner (bass og vokal). Gruppa fekk platekontrakt hos Epic Records, som fekk rettane til Furay frå etiketten til Springfield sitt Atlantic Records, Atco, mot at dei gav rettane til Graham Nash frå The Hollies (som var flytta til Atlantic som ein del av Crosby, Stills & Nash) attende.[2] Opphavleg skulle gruppa heite «Pogo», etter teikneseriestripa med same namn, men vart endra då skaparen, Walt Kelly, truga med søksmål.

Furay-tida (1969 til 1973)[endre | endre wikiteksten]

Debutplata deira, Pickin' Up the Pieces (1969), vert rekna som eit pioneralbum innan countryrocken.[3] Den første utgåva av Rolling Stone Record Guide, redigert av Dave Marsh og John Swenson, gav albumet fem av fem stjerner. Men albumet selde dårleg, og nådde berre 63. plassen på Billboard 200-lista.[1]

Besetninga skulle få problem gjennom heile karrieren. Under innspelinga av debutalbumet slutta Meisner i gruppa etter ein krangel med Furay. Visstnok protesterte Meisner etter at Furay hadde nekta alle utanom han sjølv og Messina frå å lytte til den endelege miksen av albumet.[4] Etter ein periode med Ricky Nelson sitt Stone Canyon Band, vart Meisner sidan ein av dei som skipa Eagles. Messina tok ei kort stund over på bass før Timothy B. Schmit kom inn i bandet i september 1969.[1]

Det andre studioalbumet deira, Poco (1970), selde igjen dårleg og nådde 58. plassen på albumlista. Men albumet somkom etter dette igjen, konsertalbumet Deliverin' (eller DeLIVErin'), vart noko meir spelt på radio, og Furay-songen «C'mon» nådde 69. plassen på singellista. Deliverin’ vart det første Poco-albumet som nådde topp 40 på Billboard 200, då det nådde 26. plassen.

Messina valte å slutte i bandet i oktober 1970 då han meinte at Furay hadde altfor mykje kontroll over musikkstilen. Han fokuserte i staden på studioproduksjon og skipa sidan Loggins & Messina. Etter forslag frå Peter Cetera i Chicago, valte Messina gitaristen og songaren Paul Cotton, som ein gong var medlem av Illinois Speed Press, som erstattaren sin.[1]

Det nye Poco, som no var i den tredje besetninga si for det fjerde albumet, henta inn Steve Cropper som produsent og gav ut From the Inside (1971). Igjen vart salstalet dårleg og albumet nådde 52. plassen på albumlista.

Bandet var misnøgd med produksjonen til Cropper og henta inn kanadiske Jack Richardson, som hadde hatt stor suksess med The Guess Who og oversåg dei tre neste albuma deira, frå og med A Good Feelin' to Know (1972). Bandet bygde plata kring tittelsporet, ein populært konsertsong, men singelen gjekk ikkje inn på lista. Sjølve albumet nådde 69. plassen på lista. Furay vart derfor stadig meir motlaus med tanke på framtida til Poco, særskild sidan dei tidlegare bandkollegaene hans, Stills, Young, Meisner og Messina hadde så stor suksess med sine respektive grupper. I eit intervju den 26. april 1973 i Rolling Stone med Cameron Crowe lufta han at Poco framleis var eit annanrangs band og ikkje hadde auka publikummet sitt.

Det neste albumet, Crazy Eyes (1973), nådde 38. plassen, men Furay slutta etter utgjevinga og slo seg saman med J.D. Souther og Chris Hillman i Souther-Hillman-Furay BandAsylum Records. Poco valte å ikkje erstatte Furay og heldt fram som kvartett.[1]

Etter Furay (1973 til 1977)[endre | endre wikiteksten]

Etter Furay slutta gav bandet ut sine to siste album på Epic: Seven (1974) og Cantamos (1974). Albuma nådde høvesvis 68. og 76. plassen. Poco forlet Epic etter Cantamos og signerte for ABC-Dunhill Records.

Head Over Heels var det første albumet deira på ABC, med Schmit sin akustiske «Keep On Tryin», som vart den mest suksessrike singelen deira til då, med ein 50. plass på Billboard Hot 100. På tida då Head Over Heels kom ut, vart samlealbumet The Very Best of Poco gjeve ut med innspelignane deira for Epic. Epic-utgjevinga konkurrerte med Head Over Heels og ingen av dei selde særskild godt, med høvesvis 43. plassen og 90. plassen på albumlista.[1]

Det neste albumet til gruppa på ABC var Rose of Cimarron, som heller ikkje skapte mykje entusiasme og nådde 89. plassen på albumlista. Ei anna Epic-utgjeving kom ut i 1976, konsertalbumet Live.

Al Garth (tidlegare i Loggins and Messina), som hadde vore gjesteartist på Head Over Heels og Rose of Cimarron, kom inn i turnébandet til gruppa i 1976 på saksofon og fiolin, men var borte før året var omme.

Sommaren 1976 skulle gruppa turnere med Stills-Young Band, men hamna i ein vanskeleg situasjon då Neil Young trekte seg frå turneen, som så vart avlyst.

Indian Summer kom ut våren etter og nådde 57. plassen, medan tittelsporet nådde 50. plassen på singellista.[1]

Suksess (1977 til 1980)[endre | endre wikiteksten]

I august 1977 slutta Schmit i gruppa for å bli med Eagles, og erstatta nok ein gong det tidlegare Poco-medlemmet Meisner. Eit planlagd konsertalbum frå Santa Monica Civic Auditorium i Los Angeles i juli 1977 vart derfor skrinlagd av ABC. Etter å ha lege lagra i åresvis, vart albumet omsider gjeve ut av John Thaler og Futuredge Music i lag med Universal Special Projects som The Last Roundup in 2004.

Etter Schmit slutta, valde Poco å ta seg ein pause. Grantham tok seg fri, medan Young og Cotton valte å halde fram som «Cotton-Young Band» for å doble sjansen til suksess. Dei hadde med seg Britons Steve Chapman (trommer) og Charlie Harrison (bass, korvokal) (tidlegare Judas Jump), som begge tidlegare hadde spelt med Leo Sayer og Al Stewart. Men ABC valte å å berre gje ut Cotton-Young-albumet under namnet Poco. Så sjølv om Grantham aldri hadde slutta i Poco, fann han seg sjølv kjøpt ut av gruppa etter at han var misnøgd med korleis forretningane var sett opp, mellom anna at inntektene av utgjevingane deira ikkje lenger var delt jamt. Etter ein periode med McGuinn, Clark & Hillman, byrja han å spele som trommeslagar for Ricky Skaggs.

Legend (1978), Cotton-Young-albumet med plateomslaget av kunstnaren (og seinare komikaren) Phil Hartman, vart det bestseljande albumet deira med to topp 20-hittar, «Crazy Love» skriven og sungen av Rusty Young og Cotton sin «Heart of the Night». Albumet vart det første Poco-albumet som selde til gullplate i USA.

Kim Bullard (klaverinstrument, korvokal) kom inn i bandet i desember 1978, like etter Legend kom ut. Medan «Crazy Love» klatra på listene tidleg i 1979, vart ABC Records seld til MCA Records. Poco vart overteken av MCA og Legend vart gjeve ut på ny på MCA.

Med momentet Legend hadde skapt, vart Poco invitert av Musicians United for Safe Energy om å spele under konsertane deira i Madison Square Garden i september 1979. Og den nye hitten deira, «Heart of the Night», kom ut på det påfølgjande konsertalbumet, No Nukes. Konserten og albumet var til støtte for kjernefri energi. Andre store artistar på både konsertane og albumet var mellom andre Bruce Springsteen og Jackson Browne.

1980 til 1999[endre | endre wikiteksten]

Jim Messina på scenen i 2009.

Den første halvdelen av 1980-åra gav gruppa ut ytterlegare fem album: Under the Gun (1980), Blue and Gray (1981), Cowboys & Englishmen (1982) på MCA og flytta så over til Atlantic Records, med Ghost Town (1982) og Inamorata (1984). Poco klarte ikkje å oppnå same suksessen dei hadde hatt med Legend, og kvart album selde dårlegare enn føregangaren.[1]

Poco bidrog òg med songen «I'll Leave it Up to You» til filmen Fast Times at Ridgemont High i 1982.

Inamorata tona bandet ned «countryrock»-stilen sin og brukte ein meir 80-tals popstil med meir klaverinstrument og synth, i tillegg til elektroniske trommer. Gjesteartistar på albumet var dei tidlegare medlemmane Timothy B. Schmit, Richie Furay og George Grantham.

Grupa mista platekontrakten sin med Atlantic på grunn av det dårlege salet av Inamorata, men heldt fram å turnere, hovudsakleg i små klubbar. Bullard slutta og vart med i Crosby, Stills & Nash i 1983 (men spelte framleis på Inamorata) og Harrison (som ikkje hadde spelt på Inamorata) slutta i midten av 1984. Dei nye medlemmane Jeff Steele (bass) og Rick Seratte (klaverinstrument, korvokal) kom inn for turneen til Poco i 1984, men dei slutta, og i lag med trommeslagaren Chapman, vart dei erstatta i 1985 av den framtidige Great Plains frontmannen Jack Sundrud (vokal, bass, gitar) og Grantham som kom attende. Grantham var berre ei kort stund attende i Poco. Seint i 1985 spurte Ricky Skaggs han om å bli med i bandet hans igjen. Chapman kom attende på trommer igjen. I denne perioden flytta bandet til Nashville og spelte inn nokre demoar, men dei fekk ikkje ny platekontrakt. Etter nokre spreidde konsertar for gruppa i 1986 og 1987, spelte ikkje Paul Cotton med Poco igjen før i 1992.

Etter ein lengre pause frå studio, dukka bandet opp att, etter oppfordring frå Richard Marx og manageren hans Allen Kovac, som no tok over Poco, på RCA med det suksessrike Legacy (1989), med dei originale medlemmane Young, Furay, Messina, Grantham og Meisner, tjue år etter debutplata til Poco. Sjølv om Timothy B. Schmit og Paul Cotton òg vart spurte om å bli med på prosjektet, avslo Scmhit og Cotton, som var oppteken med solokarrieren sin, vart kjøpt ut av gruppa og det enda opp med å bli berre dei fem originale musikarane. Albumet gav dei ein topp 20-hit, «Call It Love», hausten 1989, og ein ny topp 40-hit, «Nothing to Hide», tidleg i 1990, som gav Poco det andre gullalbumet deira. Dette var det 19. albumet deira totalt.[1]

Gruppa fekk inn ein ny klaverspelar, Dave Vanacore, og turnerte tidleg i 1990 som oppvarmingsartist for Marx. Furay, som no var blitt prest i ei kyrkje i Colorado, måtte så trekkje seg på grunn av pliktene sine, og Poco turnerte sommaren 1990 med Sundrud attende som rytmegitarist for Furay.

Trass gullplata og to hitsinglar, klarte uheldigvis ikkje gruppa å tene mykje pengar på turneen i 1990. Eit av problema var at dei var hyra inn til å spele på militærbasar, som viste seg å vere stort sett tomme, fordi soldatane var blitt sende til Persiabukta og Gulfkrigen. RCA enda opp med å droppe dei frå stallen sin og innspelinga for ein oppfølgjar til Legacy vart skrinlagd.

I 1991 turnerte Poco som ein akustisk trio med Young, Messina og Meisner (trommeslagaren Gary Mallaber vart med dei for nokre konsertar i Japan i juli). Mot slutten av 1991 hadde Messina og Meisner slutta for å satse på dei individuelle karrierane sine.

Etter Messina og Meisner slutta, skipa Young eit sideprosjekt, Four Wheel Drive, med John Cowan (frå New Grass Revival), Bill Lloyd (frå Foster & Lloyd) og Patrick Simmons (frå Doobie Brothers). Dei fekk kontrakt med RCA Nashville og spelte inn eit heilt album, som aldri kom ut. Warner Bros. Records plukka så opp gruppa i 1993, men dei vart truga med søksmål frå band som alt hadde namnet Four Wheel Drive, og dei endra namnet sitt til The Sky Kings. Det einaste albumet deira, fullført i 1997, kom først ut i 2000, tre år etter bandet var oppløyst.

I mellomtida var Rusty Young blitt eineeigar av namnet Poco tidleg i 1992, og sjølv om dei ikkje var offisielt oppløyst, verka det som bandet sakte glei ut i sanden. Trass i dette, slo Young seg nok ein gong saman med Cotton og henta inn dei nye medlemmane Richard Neville (vokal, bass) og Tim Smith (trommer) og turnerte til slutten av tiåret, men berre med få konsertar. Young og Cotton spelte òg stundom som Poco som ein akustisk duo.

2000 til 2013[endre | endre wikiteksten]

Poco vart igjen meir aktive som turnéband etter Grantham og Sundrud kom inn att i bandet i 2000, som då var den same besetninga som i 1985.

Running Horse (2002) vart det første studioalbumet deira på 13 år. Plata kom ut på nettsida til bandet. Furay, som hadde vore gjesteartist på fleire av konsertane deira i løpet av åra når dei spelte i heimstaten Colorado, spelte med bandet igjen for ein utseld konsert i Nashville i mai 2004, som førte til konsertalbumet og DVD-en Keeping the Legend Alive (2004).

29. juli same året, under ein konsert i Stearns Square i Springfield i Massachusetts, fekk Grantham eit hjerneslag under konserten. For konserten kvelden etter i Barnstable County Fair i East Falmouth i Massachusetts, henta Poco inn den lokale trommeslagaren Chuck Woodhams, og henta så inn Muscle Shoals Sound Studio-trommeslagaren George Lawrence (som tidlegare hadde erstatta Tim Smith på ein Poco-konsert i 1999) på trommer for Grantham for resten av 2004. Han vart permanent medlem i 2005. Grantham brukte lang tid på å kome seg att og behandlinga var dyr, så gruppa sette opp eit givarfond på den offisielle nettsida si, Poconut.org, for å støtte han økonomisk.

Poco heldt fram å skrive og spele inn musikk, og spelte på festivalar, kunstsenter, teater og klubbar. I 2005 spelte dei ein kort turné i Europa, men Cotton vart lagt inn på sjukehus i Noreg med helseproblem og missa dei to siste konsertane av turneen. Gitaristen og songaren Bill Lloyd, frå duoen Foster & Lloyd, erstatta Cotton på fleire av dei komande konsertane i USA.

Cotton kom attende i 2006 til besetninga som no bestod av Young, Cotton, Sundrud og trommeslagaren George Lawrence. Cotton og Sundrud gav ut soloalbum og Young byrja å skrive på ein biografi om bandet. Fleire tidlegare Poco-medlemmar fortsette å periodevis spele konsertar med denne besetninga.

I 2009 spelte Grantham stundom med bandet igjen, men gjorde ikkje anna enn å syngje. Richie Furay og Jim Messina kom attende for fleire konsertar med Poco i 2008 i Wildwood Lodge i Steelville i Missouri, ein turné i California i 2009 som enda med Stagecoach Festival i Indio (der dei fekk med seg Grantham og Timothy B. Schmit) og fleire konsertar der dei opna for Loggins and Messina med Furay, Messina og Grantham.

Bareback at Big Sky (2005) og The Wildwood Sessions (2006) kom ut med akustiske konsertversjonar av både nye og gamle songar. Live at Columbia Studios, Hollywood 9/30/71 (2010) var eit konsertopptak frå 1971 med Furay, Young, Schmit og Grantham.

Tidleg i 2010, slutta Paul Cotton brått i Poco, og fortalte offentleg at det kom av ein økonomisk krangel med Young. På den offisielle nettsida si annonserte han at han ikjke kom til å spele med Poco på Wildwood-konsertane. Poco bestod no av Young, Sundrud, Lawrence og den nye klaverspelaren og multi-instrumentalisten og songaren Michael Webb frå Nashville.

Den nye inkarnasjonen av bandet heldt fram å turnere og spele inn musikk. Tidleg i 2012 kom ein live-video av ein ny song, «Neil Young», ut på YouTube før det nye studioalbumet All Fired Up kom ut. Det vart spelt inn i Nashville og kom ut i mars 2013.

I det 45. året sitt var Rusty Young det einaste originale medlemmet i bandet og var framleis frontmann i bandet. Han har vore det einaste medlemmet i Poco som har spelt på alle konsertane deira og alle innspelingane deira sidan bandet starta opp i 1968.

Nyare år[endre | endre wikiteksten]

Mot sutten av 2013 annonserte Rusty Young at han pensjonerte seg. Han var 68 år gammal og hadde brukt 45 år på vegen i same bandet, og trengde ein pause. Det vart planlagd nokre konsertar i 2014, inkludert tre farvellkonsertar i Florida. Ein av desse konertane var ei framsyning i eit platestudio føre eit publikum for ein DVD-dokumentar om bandet. Young sa det kunne bli nokre enkeltkonsertar i framtida, men at bandet ikkje kom til å bli like aktive som før. Young var ferdig med memoara sine for ein bok som skulle publiserast. Han og Sundred skreiv og spelte inn barnemusikk som «Session Cats». Lawrence, Sundrud og Webb heldt fram å skrive og spele inn musikk i sine eigne prosjekt, og gjorde frilansarbeid for andre artistar i Nashville, der dei bur. Young har framleis vore gjesteartist med andre tidlegare medlemmar av Poco og andre countryrockartistar.

Poco vart innlemma i Colorado Music Hall of Fame (CMHOF) med ein seremoni i Paramount Theatre i Denver den 9. januar 2015 med ei framsyning som bestod av Paul Cotton, Richie Furay, Timothy B. Schmit og Rusty Young.[5] Andre band som vart innlemma i CMHOF samstundes som Poco var Firefall, The Nitty Gritty Dirt Band og Stephen Stills og Manassas.

Poco har halde fram å spele spreidde konsertar etter 2015. I 2016 vart trommeslagaren Lawrence erstatta av Rick Lonow (tidlegare i The Flying Burrito Brothers). Lex Browning, tidlegare bandkollega av Jack Sundrud i Great Plains, erstatta Michael Webb på gitar hausten 2018.

25. juni 2019 rapporterte The New York Times Magazine at Poco var blant dei mange hundre artistane som fekk materialet sitt øydelagd i Universal-brannen i 2008.[6]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar
  • Rusty Young - pedalsteelgitar, gitar, banjo, dobro, vokal (sidan 1968)
  • Jack Sundrud - gitar, bass, vokal (1985-1987, 1990–1991, sidan 2000)
  • Rick Lonow - trommer, perkusjon (sidan 2016)
  • Lex Browning - gitar, fele, vokal (sidan 2018)

Tidlegare medlemmar
  • George Grantham - trommer, vokal (1968-1977, 1985–1986, 1987–1990, 2000-2004)
  • Richie Furay - gitar, vokal (1968-1973, 1987-1990)
  • Jim Messina - gitar, bass, vokal (1968-1970, 1988-1991)
  • Randy Meisner - bass, vokal (1968-1969, 1988-1991)
  • Timothy B. Schmit - bass, munnspel, vokal (1969-1977)
  • Paul Cotton - gitar, vokal (1970-1988, 1992-2010)
  • Kim Bullard - klaverinstrument, korvokal (1978-1983)
  • Al Garth - saksofon, fiolin (1976)
  • Steve Chapman - trommer (1978-1985, 1986-1987)
  • Charlie Harrison - bass, korvokal (1978-1984)
  • Rick Seratte - klaverinstrument, korvokal (1984-1985)
  • Jeff Steele - bass (1984-1985)
  • Dave Vanecore - klaverinstrument (1989-1990)
  • Gary Mallaber - trommer (1991)
  • Richard Neville - bass, vokal (1992-2000)
  • Tim Smith - trommer, korvokal (1992-2000)
  • George Lawrence - trommer, perkusjon (2004–2016; erstattar - 1999)
  • Michael Webb - klaverinstrument, gitar, trekkspel, vokal (2010–2018)

Besetningar[endre | endre wikiteksten]

1968–1969 1969 1969-1970 1970-1973
  • Richie Furay – gitar, vokal
  • Jim Messina – gitar, bass, vokal
  • Rusty Young – pedalsteelgitar, Dobro
  • George Grantham – trommer, vokal
  • Richie Furay – gitar, vokal
  • Jim Messina – gitar, vokal
  • Rusty Young – pedalsteelgitar, Dobro
  • Timothy B. Schmit – bass, munnspel, vokal
  • George Grantham – trommer, vokal
  • Richie Furay – gitar, vokal
  • Paul Cotton – gitar, vokal
  • Rusty Young – pedalsteelgitar, banjo, Dobro
  • Timothy B. Schmit – bass, munnspel, vokal
  • George Grantham – trommer, vokal
1973-1976 1976 1976-1977 1978
  • Paul Cotton – gitar, vokal
  • Rusty Young – pedalsteelgitar, banjo, Dobro, gitar, mandolin, vokal
  • Timothy B. Schmit – bass, munnspel, vokal
  • George Grantham – trommer, vokal
  • Paul Cotton – gitar, vokal
  • Rusty Young – pedalsteelgitar, banjo, Dobro, gitar, mandolin, vokal
  • Timothy B. Schmit – bass, munnspel, vokal
  • George Grantham – trommer, vokal
  • Al Garth – saksofon, fiolin
  • Paul Cotton – gitar, vokal
  • Rusty Young – pedalsteelgitar, banjo, Dobro, gitar, mandolin, vokal
  • Timothy B. Schmit – bass, munnspel, vokal
  • George Grantham – trommer, vokal
  • Paul Cotton – gitar, vokal
  • Rusty Young – pedalsteelgitar, banjo, Dobro, gitar, mandolin, vokal
  • Charlie Harrison – bass, korvokal
  • Steve Chapman – trommer
1978-1983 1983-1984 1984-1985 1985-1986
  • Paul Cotton – gitar, vokal
  • Rusty Young – pedalsteelgitar, banjo, Dobro, gitar, mandolin, vokal
  • Charlie Harrison – bass, korvokal
  • Steve Chapman – trommer
  • Kim Bullard – klaverinstrument, korvokal
  • Paul Cotton – gitar, vokal
  • Rusty Young – pedalsteelgitar, banjo, Dobro, gitar, mandolin, vokal
  • Charlie Harrison – bass, korvokal
  • Steve Chapman – trommer
  • Paul Cotton – gitar, vokal
  • Rusty Young – pedalsteelgitar, banjo, Dobro, gitar, mandolin, vokal
  • Steve Chapman – trommer
  • Jeff Steele – bass
  • Rick Seratte – klaverinstrument, korvokal
  • Paul Cotton – gitar, vokal
  • Rusty Young – pedalsteelgitar, banjo, Dobro, gitar, mandolin, vokal
  • Jack Sundrud – bass, gitar, vokal
  • George Grantham – trommer, vokal
1986-1987 1988-1989 1989-1990 1990
  • Paul Cotton – gitar, vokal
  • Rusty Young – pedalsteelgitar, banjo, Dobro, gitar, mandolin, vokal
  • Jack Sundrud – bass, gitar, vokal
  • Steve Chapman – trommer
  • Richie Furay – gitar, vokal
  • Jim Messina – gitar, bass, vokal
  • Rusty Young – pedalsteelgitar, banjo, Dobro, gitar, mandolin, vokal
  • Randy Meisner – bass, gitar, vokal
  • George Grantham – trommer, vokal
  • Richie Furay – gitar, vokal
  • Jim Messina – gitar, bass, vokal
  • Rusty Young – pedalsteelgitar, banjo, Dobro, gitar, mandolin, vokal
  • Randy Meisner – bass, gitar, vokal
  • George Grantham – trommer, vokal
  • David Vanecore – klaverinstrument
  • Jim Messina – gitar, bass, vokal
  • Rusty Young – pedalsteelgitar, banjo, Dobro, gitar, mandolin, vokal
  • Randy Meisner – bass, gitar, vokal
  • George Grantham – trommer, vokal
  • Jack Sundrud – gitar, vokal
  • Dave Vanecore – klaverinstrument
1991 1992-2000 2000-2004 2004-2010
  • Jim Messina – gitar, bass, vokal
  • Rusty Young – pedalsteelgitar, banjo, Dobro, gitar, mandolin, vokal
  • Randy Meisner – bass, gitar, vokal
  • Gary Mallaber - trommer
  • Rusty Young – pedalsteelgitar, banjo, Dobro, gitar, mandolin, vokal
  • Paul Cotton – gitar, vokal
  • Richard Neville – bass, vokal
  • Tim Smith – trommer, korvokal
Substitute members
  • George Lawrence - trommer (1999)
  • Rusty Young – pedalsteelgitar, banjo, Dobro, gitar, mandolin, vokal
  • Paul Cotton – gitar, vokal
  • Jack Sundrud – bass, gitar, vokal
  • George Grantham – trommer, vokal
  • Rusty Young – pedalsteelgitar, banjo, Dobro, gitar, mandolin, vokal
  • Paul Cotton – gitar, vokal
  • Jack Sundrud – bass, gitar, vokal
  • George Lawrence – trommer
2010–2016 2016-2018 2018–2020 Sidan 2020
  • Rusty Young – pedalsteelgitar, banjo, Dobro, gitar, mandolin, lapsteelgitar, elektrisk gitar, akustisk gitar, vokal
  • Jack Sundrud – bass, akustisk gitar, vokal
  • George Lawrence – trommer, perkusjon
  • Michael Webb – klaverinstrument, B3, elektrisk gitar, trekkspel, mandolin, vokal
  • Rusty Young - pedalsteelgitar, banjo, Dobro, gitar, mandolin, lapsteelgitar, elektrisk gitar, akustisk gitar, vokal
  • Jack Sundrud - bass, akustisk gitar, vokal
  • Rick Lonow - trommer, perkusjon
  • Michael Webb - klaverinstrument, B3, elektrisk gitar, trekkspel, mandolin, vokal
  • Rusty Young - pedalsteelgitar, banjo, Dobro, gitar, mandolin, lapsteelgitar, elektrisk gitar, akustisk gitar, vokal
  • Jack Sundrud - bass, akustisk gitar, vokal
  • Rick Lonow - trommer, perkusjon
  • Lex Browning - elektrisk gitar, fiolin, vokal
  • Rusty Young - pedalsteelgitar, banjo, Dobro, gitar, mandolin, lapsteelgitar, elektrisk gitar, akustisk gitar, vokal
  • Jack Sundrud - bass, akustisk gitar, vokal
  • Rick Lonow - trommer, perkusjon, vokal
  • Tom Hampton - elektrisk gitar, vokal

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 1,9 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 751–752. ISBN 1-84195-017-3. 
  2. 2,0 2,1 Eder, Bruce. «Poco». allmusic.com. 
  3. Eder, Bruce. Pickin' Up the Pieces review, Allmusic
  4. Eliot, Marc. To the Limit: The Untold Story of the Eagles. Da Capo Press, 2004. p.37. ISBN 978-0-306-81398-6
  5. «Eagles Bassist Timothy B. Schmit to Reunite with Poco at Paramount Theater in Denver». BroadwayWorld.com. Henta 11. oktober 2020. 
  6. Rosen, Jody (25. juni 2019). «Here Are Hundreds More Artists Whose Tapes Were Destroyed in the UMG Fire». The New York Times. Henta 28. juni 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Poco