Pogrom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein pogrom (frå russisk погром) er ein term for massive åtak på minoritetsbusetjingar med mishandling og massedrap av menneske og øydelegging av eigedom.

Uttrykket er ofte nytta om åtak på jødiske busetjingar, då det oftast var jødane som var utsette for slike overgrep i tsar-Russland.

Den største av pogromane i historia er sjølvsagt det nazistiske forsøket på å utrydde den jødiske folkesetnaden i Europa heilt. Meir presist blir nett denne enorme pogromen omtala som Holocaust eller Shoah.

Eurasia hadde ikkje mange tiåra før andre verdskrigen vore rysta av pogromar (t.d. i Tyrkia) som er mindre kjende, men som i gru og omfang på mange måtar kan måle seg med dei organiserte drapa av jødar, sigøynarar og homofile av alle nasjonalitetar under siste verdskrigen. Dei systematiske massedrapa dei daverande tyrkiske styresmaktene organiserte på den armenske befolkninga i Tyrkia under første verdskrigen, blir av mange kalla eit folkemord. Tyrkiske styresmakter nektar framleis for at dette var tilfellet, sjølv om mellom ein halv million og 1,5 millionar sivile armenarar vart drepne.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.