Vekselvarm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Poikiloterm)

Vekselvarm (poikiloterm), tidlegare kalla kaldblodig er ei skildring innan biologien som vert brukt på dyr og planter med ein kroppstemperatur som varierer med omgjevnadene. Alle nolevande dyr unnateke pattedyr og fuglar er vekselvarme. Det motsette av vekselvarm er varmblodig (homoterm), som viser til organismar som har ein konstant kroppstemperatur.

Vekselvarme dyr er heilt avhengige av temperaturen rundt seg. Viss det er for varmt i vêret, vert dei overoppheta, og viss det er for kaldt, vil dei fryse i hel. Når temperaturen er kaldare enn ideelt, vil dei vere sløve og trege i rørslene. Fordelen dei vekselvarme dyra har er at det er lite energikrevjande å la omgjevnadene varme seg opp. Dei klarer seg med om lag ein tidel av energien (maten) i høve til eit varmblodig dyr av same storleik.

Reptil, insekt, amfibium og fisk er døme på vekselvarme dyr, men ikkje utan unntak. Enkelte store og aktive fisk, til dømes makrellstørje, får ein kroppstemperatur som er ein god del høgare enn i vatnet han sym i. Og på kjølige sommarkveldar må enkelte store insekt, til dømes tussmørksvermarar, varme opp flygemusklane før dei kan fly.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]