Point of Ayre på Orknøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 58°55′N 2°43′W

Sjå òg Point of Ayre på Isle of Man og Point of Ayr i Wales.

Point of Ayre er eit nes i Deerness på austsida av Orknøyane, utanfor nordkysten av Skottland. Det ligg ovanfor Copinsay Pass, 6 km sør for Mull Head,[1] og rundt 15 km frå Kirkwall, hovudbyen på øya.[2]

Ved Point of Ayre finst det sju meter tjukk basaltisk lava. På overflata finst restar av gassbobler som no er fylte med karbonat. Lenger nede har lavaen forvitra som laga på ein lauk, eller i eit sirkelforma mønster, som er uvanleg å sjå på Orknøyane.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ayre, Point of». Gazetteer for Scotland. Henta 22. januar 2010. 
  2. «Point of Ayr Interactive Map». Pagemost.com. Henta 22. januar 2010. 
  3. «The East Mainland». The Orkney Website. Arkivert frå originalen 10. desember 2007. Henta 22. januar 2010.