Point of Know Return

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Point of Know Return
Studioalbum av Kansas
Utgjeve 11. oktober 1977
Innspelt Studio in the Country i Bogalusa i Louisiana, juni 1977
Woodland Studios i Nashville i juli 1977
Sjanger Progressiv rock
Lengd 44:24
Selskap Kirshner/CBS
Kirshner/Epic
Produsent Jeff Glixman
Kansas-kronologi
Leftoverture
(1976)
Point of Know Return Two for the Show
(1978)


Singlar frå Point of Know Return
  1. «Point of Know Return»
    Utgjeve: 1977
  2. «Dust in the Wind»
    Utgjeve: 16. januar 1978
  3. «Portrait (He Knew)»
    Utgjeve: Juni 1978

Point of Know Return er det femte studioalbumet til det amerikanske rockebandet Kansas, gjeve ut i 1977.

Tittelen på albumet er eit ordspel på «point of no return».

Komposisjon og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga for Point of Know Return tok til i juni 1977 i Studio in the Country i Bogalusa i Louisiana, der Kansas hadde spelt inn dei to førre albuma sine. Då utstyret slutta å virke, flytta Kansas til Woodland Studios i Nashville etter ein månad.[1]

Songaren og låtskrivaren Steve Walsh slutta i gruppa ei kort stund under innspelinga av dette albumet.[2] I eit radiointervju innrømde han at han på dette tidspunktet var ein slags primadonna og likte tanken på ein solokarriere.[2][3]

«Dust in the Wind» er ein enkel, akustisk song. Gitarlinja for songen vart skriven av Kerry Livgren som ei øving for å lære seg fingerplukking. Kona hans, Vicci, høyrde songen og syns at melodien var fin, og oppfordra han til å skrive ein tekst.[4] Livgren var usikker på om dei andre i bandet kom til å like songen, sidan det var eit steg til side for den vanlege stilen deira. Likevel spelte han songen for dei og songen vart akseptert og innspelt.[4]

Albumet vart kritikarrost for singlane «Point of Know Return», som kom til seint på albumet, og «Portrait (He Knew)», som var skriven om Albert Einstein.[4] I 1988 gav Livgren ut ein oppdatert versjon av «Portrait (He Knew)» kalla «Portrait II» som ein del av albumet Prime Mover for gruppa hans AD. Han endra temaet i songen frå Einstein til Jesus. Ein annan song, «Closet Chronicles», er ein allegori til Howard Hughes.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[5]

Rolling Stone gav albumet middels omtale og meinte at overgangen til kortare songar fungerte greitt, og at tekstane var «ei svak og latterlig attforteljing av den billige eksotismen som vart nytta av så mange britiske kunstrockartistar.» Dei skreiv at Kansas mangla ein virtuos soloist, men at bandet elles spelte godt og målretta.[6] Robert Taylor i AllMusic skreiv at «samspelet og den overlegne musikalske dugleiken til Knasas gjer dette til ei viktig innspeling innan klassisk rock og progressiv rock», trass i «utdatert lyd» og kampen bandet hadde «for å oppretthalde ein sunn balanse mellom progresjon og pop.»[5]


Point of Know Return nådde høgare på albumlista i USA enn andre Kansas-album gjorde, ein fjerdeplass på lista i januar 1978[7] og kom til å selje fire millionar eksemplar i USA.[8]

I andre media[endre | endre wikiteksten]

I ein debatt om den beste «Song 1 Side 1» i historia blant hovudrollene i filmen High Fidelity, kritiserer karakteren Jack Blackeit av forslaga til karakteren til John Cusack som «for opplagt, som 'Point of Know Return'».

I oktober 2009 vart eit konsertopptak av tittelsporet nedlastbast i videospelet Rock Band.

I filmen The Rocker, har karakteren til Rainn Wilson, Robert Fishman, på seg ei Point of Know Return-t-skjorte.

«Nobody's Home» er sampla av rapperen J Dilla på songen «So Far» i 2016 på albumet The Diary. Klippet som er brukt er ikkje frå Kansas-versjonen av songen.

«Dust in the Wind» vart òg nytta i Highlander: The Series-episoden «The Darkness».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Point of Know Return»Steve Walsh, Phil Ehart, Robby Steinhardt3:13
2.«Paradox»Kerry Livgren, Walsh3:50
3.«The Spider» (instrumental)Walsh2:05
4.«Portrait (He Knew)»Livgren, Walsh4:38
5.«Closet Chronicles»Walsh, Livgren6:31
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Lightning's Hand»Walsh, Livgren4:24
7.«Dust in the Wind»Livgren3:28
8.«Sparks of the Tempest»Livgren, Walsh4:18
9.«Nobody's Home»Livgren, Walsh4:40
10.«Hopelessly Human»Livgren7:17
Bonusspor på 2002-utgåva
Nr.TittelLengd
11.«Sparks of the Tempest» (Konertopptak frå Merriweather Post Pavilion i Maryland)5:17
12.«Portrait (He Knew)» (Remix)4:50

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kansas
Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album
År Liste Plassering
1978 Billboard 200 (USA)[7] 4
RPM100 Albums (Canada)[9] 7
Den franske albumlista[10] 16
Dutch MegaCharts[11] 33

Singlar
År Title Liste Plassering
1978 «Point of Know Return» RPM100 Singles (Canada)[12] 13
Billboard Hot 100 (USA)[13] 28
«Dust in the Wind» RPM100 Singles (Canada)[14] 3
Billboard Hot 100 (USA)[13] 6
Billboard Adult Contemporary (USA)[15] 6
Den franske singellista[16] 22
Dutch MegaCharts[17] 22
Belgian Ultratop (Flandern)[18] 27
New Zealand Singles Chart[19] 36
Australian Singles Chart[20] 52
«Portrait (He Knew)» RPM100 Singles (Canada)[21] 62
Billboard Hot 100 (USA)[13] 64

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Land Organisasjon År Sal
USA RIAA 1995 4x Platinum (+ 4 000 000)[8]
Canada CRIA 1978 Platinum (+ 100 000)[22]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Spokane Spokesman-Journal 6. september 2019 «Returning to the 'Point': Kansas' Richard Williams reflects on recording multiplatinum albums» by Azaria Podblesky pp.E2,E9
  2. 2,0 2,1 Wild, David (2002). Point of Know Return (CD Booklet). Kansas. New York City: Legacy Recordings. s. 3. EK 85387. 
  3. In the Studio with Redbeard edition #849, week of 27. september 2004 and again on the 30th Anniversary Episode for Point of Know Return in 2007
  4. 4,0 4,1 4,2 «In the Studio with Point of Know Return, featuring Kansas». In The Studio. 7. september 1992. Arkivert frå originalen 28. desember 2004. Henta 23. mai 2020. 
  5. 5,0 5,1 Taylor, Robert. «Kansas - Point of Know Return review». AllMusic. All Media Network. Henta 23. mai 2020. 
  6. Swenson, John (12. januar 1978). «Album Reviews: Kansas - Point of Know Return». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 6. november 2007. Henta 13. januar 2018. 
  7. 7,0 7,1 «Kansas Chart History: Billboard 200». Billboard.com. Billboard. Henta 23. mai 2020. 
  8. 8,0 8,1 «RIAA Gold & Platinum Database: Search for Kansas». Recording Industry Association of America. Henta 22. mai 2020. 
  9. «Top Albums/CDs - Volume 29, No. 3, 15. april 1978». Library and Archives Canada. 15. april 1978. Henta 23. mai 2020. 
  10. «infodisc.fr Note : You must select Kansas». infodisc.fr. Henta 23. mai 2020. 
  11. «Kansas – Point of Know Return». Dutch Charts (på Dutch). Media Control Charts. Henta 23. mai 2020. 
  12. «Top Singles - Volume 28, No. 17, 21. januar 1978». Library and Archives Canada. 21. januar 1978. Henta 23. mai 2020. 
  13. 13,0 13,1 13,2 «Kansas Chart History: Hot 100». Billboard.com. Billboard. Henta 24. mai 2020. 
  14. «Top Singles - Volume 29, No. 7, 13. mai 1978». Library and Archives Canada. 13. mai 1978. Henta 23. mai 2020. 
  15. «Kansas Chart History: Adult Contemporary». Billboard.com. Billboard. Henta 23. mai 2020. 
  16. «infodisc.fr Note : You must select Kansas». infodisc.fr. Henta 23. mai 2020. 
  17. «Kansas – Dust in the Wind». Dutch Charts (på Dutch). Media Control Charts. Henta 23. mai 2020. 
  18. «Kansas – Dust in the Wind». Ultratop (på Dutch). Media Control Charts. Henta 23. mai 2020. 
  19. «Kansas – Dust in the Wind (Song)». charts.nz. Media Control Charts. Henta 7. januar 2018. 
  20. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  21. «Top Singles - Volume 29, No. 15, 08. juli 1978». Library and Archives Canada. 8. juli 1978. Henta 23. mai 2020. 
  22. «Gold Platinum Search for Kansas». Music Canada. Henta 22. mai 2020. 

|