Hopp til innhald

Pointe-Noire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pointe-Noire
by
Land  Kongo-Brazzaville
Areal 2 134 km²
Folketal 1 420 612 (2023)[1]
Kart
Pointe-Noire
4°47′51″S 11°51′01″E / 4.7975°S 11.850277777778°E / -4.7975; 11.850277777778
Wikimedia Commons: Pointe-Noire (Congo)

Pointe-Noire er den nest største byen i Kongo-Brazzaville. Han ligg ved Atlanterhavet, nord for grensa til den angolske eksklaven Cabinda. Pointe-Noire var hovudstaden i Kongo mellom 1950 og 1958.

I 2004 blei Pointe-Noire eit eige bydepartement. Før dette låg byen i regionen Kouilou. I 2005 hadde han 663 400 innbyggjarar.

Namnet Pointe-Noire stammar frå portugisiske sjøfararar, som såg svarte klippar ytst på ein odde her i 1484. Etter dette blei Pointe Noire, eller eigentleg Punta Negra (‘svart punkt’), eit maritimt referansepunkt.

Infrastruktur

[endre | endre wikiteksten]

Pointe-Noire har den største flyplassen i Kongo, og er ein viktig hamneby der det blant anna blir skipa ut tømmer, olja, bomull og palmeolje. Byen blir òg brukt som havneby for nabolanda.

  1. ↑ https://www.citypopulation.de/en/congo/. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)