Hopp til innhald

Pokémon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pokémon

Utgjevar(ar)Nintendo
Nettstadhttp://www.pokemon.com/fr/, http://www.pokemon.com/us, http://www.pokemon.com/it/, https://www.pokemon.com/es/, http://www.pokemon.co.jp/

Pokémon (ポケットモンスター Poketto Monsutā) er ein serie skapa av Satoshi Tajiri i år 1995. Videospelselskapet Nintendo eig serien. Serien vart opphavleg gjeven ut på Game Boy, og er no den mest suksessfulle videospelserien etter Mario. Sidan har det blitt skapa anime, manga, samlekortspel, bøker, og mykje anna, i pokémonserien.

Om pokémonar

[endre | endre wikiteksten]

Pokémonar er kvikende som minner om dyr i vår verd. Opphavleg var det 151 ulike slag pokémonar, men no er dei meir enn 400 i talet. I pokémonverda er det pokéballar, ballar ein fangar og har pokémonar i. Dei fleste pokémonar kan utvikle seg. Når det gjer det, vert dei nesten alltid sterkare. Pokémonar utviklar seg i steg, i motsetnad til dei fleste dyr i vår verd. Dei kan likne på larver, som vert pupper, so fivreld. Denne utviklinga går i steg, og ikkje meir gradvis, som ein kan sjå hos menneske.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Pokémon