Pokémon Black og White

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pokémon Black og White

Utviklar(ar)Game Freak
Utgjevar(ar)Nintendo, The Pokémon Company
DistributørNintendo
Kreativt ansvarleg(e)Junichi Masuda
Produsent(ar)Junichi Masuda
Design(ar)Yoko Junichi Masuda (direktør)
SeriePokémon
Plattform(er)Nintendo DS, PlayStation Portable
UtgjevingJP: 18. september 2010
EU: 4. mars 2011
NA: 6. mars 2011
SjangerRollespel
Spelemoduseinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI: 3
CERO: A
ESRB: E
Nettstadhttps://www.pokemon.com/us/pokemon-video-games/pokemon-black-version-and-pokemon-white-version/
Del av serien Pokémon hovudserie⠀
←Pokémon HeartGold og SoulSilver⠀ · Pokémon Black 2 og White 2→

Pokémon Black og White er rollespel utvikla av Game Freak og utgjeve av NintendoNintendo DS. Dei er dei første spela i den femte generasjonen i rollespel-serien Pokémon.[1] Black and White kom ut i Japan den 18. september 2010, i Europa den 4. mars 2011 og i Nord-Amerika den 6. mars 2011.

Spelmekanikkane i Pokémon Black og White liknar tidlegare spel i Pokémon-serien, men introduserer nokre nye endringar av mekanikkane i spela. Spelet handlar om ferda til ein pokémon-trenar gjennom regionen Unova, medan ein trenar opp pokémonar som blir nytta til å slåst mot andre trenarar. Det endelege målet i spelet er å bli den beste pokémontrenaren i regionen ved å nedkjempa ei gruppe av dei beste trenarane i pokémon-verda. Black og White introduserer 156 nye pokémon-figurar, som får det samla talet på pokémonar opp i 649 monster.[2] Pokédexen, som fungerer som eit register over alle typar pokémonar, kan ein fullføre ved å få tak i alle 649 pokémon. Black og White kan spelast kvar for seg, men ein treng å byte pokémonar mellom spela for å fullføre pokédexen. Begge titlane er uavhengige av kvarandre, men har stort sett same historie og verd.

I forkant av utgjevinga vart Black og White dei raskaste DS-spela noko sinne til å nå ein million førehandsbestillingar i Japan.[3] I januar 2011 var spela dei raskaste DS-titlane til å selja fem millionar eksemplar.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «『ポケットモンスターブラック・ホワイト』» (på japansk). Nintendo. 22. september 2010. Arkivert frå originalen 7. mars 2011. Henta 4. mars 2011. 
  2. «Pokemon Black/White Preview for from 1UP.com». September 23, 2010. Henta 30. oktober 2010. [daud lenkje]
  3. Gantayat, Anoop (23. august 2010). «Pokemon Black & White Breaks Records Ahead of Release». IGN. News Corporation. Arkivert frå originalen 26. august 2010. Henta 23. august 2010. 
  4. Simon Parkin (January 12, 2011). «Gamasutra - News - Pokemon Black & White Becomes Fastest DS Title To Break Five Million Units». Gamasutra. Henta 20. januar 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]