Pokémon Legends: Arceus
Hopp til navigering
Hopp til søk
Pokemon Legends: Arceus | |
![]() | |
Utviklar(ar) | Game Freak |
---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo The Pokémon Company |
Kreativt ansvarleg(e) | Kazumasa Iwao |
Produsent(ar) | Shigeru Ohmori, Akira Kinashi, Toyokazu Nonaka, Takanori Sowa, Kenji Endo |
Serie | Pokémon |
Plattform(er) | Nintendo Switch |
Utgjeving | 28. januar 2022 |
Sjanger | Action-rollespel |
Spelemodus | Einspelar |
Pokémon Legends: Arceus[a] er eit action-rollespel utvikla av Game Freak og utgjeve av Nintendo og The Pokémon Company til Nintendo Switch. Det høyrer til den åttande generasjonen av Pokémon-spel og fungerer som ein prequel til Pokémon Diamond og Pearl (2006), Pokémon Platinum (2008) og remakane Pokémon Brilliant Diamond og Shining Pearl (2021).
Spelet vart utgjeve den 28. januar 2022, etter å ha vorte annonsert som del av 25-årsjubileet til Pokémon saman med Pokémon Brilliant Diamond og Shining Pearl. Trass i at det har andre spelemekanikkar samanlikna med dei tradisjonelle Pokémon-spela, fekk Pokémon Legends: Arceus positiv mottaking og selte over 6,5 millionar kopiar ei veke etter utgjevinga.[1][2]
Merknader[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Bonthuys, Darryn (26. januar 2022). «Review Roundup For Pokemon Legends: Arceus». GameSpot (på engelsk). Henta 8. februar 2022.
- ↑ Phillips, Tom (4. februar 2022). «Pokémon Legends: Arceus sells an enormous 6.5m copies in seven days». Eurogamer (på engelsk). Henta 10. februar 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Pokemon Legends: Arceus» frå Wikipedia på engelsk, den 10. februar 2022.