Pokritija most

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pokritija most

Typeoverdekt bru, bygget-på bro, gangbru
StadLovetsj i Bulgaria
Opna1874, rekonstruert 1981-1982
KryssarElva Osam
UtformingOverbygd bru
TransportererFotgjengarar
Kart
Pokritija most
43°07′57″N 24°42′59″E / 43.1324°N 24.7165°E / 43.1324; 24.7165

Pokritija most (Покрития мост) er ei overbygd bru ved byen Lovetsj i Bulgaria. Brua kryssar elva Osam, og knyter saman den gamle (Varosja) og den nye delen av Lovetsj, og er kanskje det mest kjende landemerket i byen.

I 1872 vart den gamle brua over elva nesten heilt øydelagd av ein flaum, og den lokale politisjefen gav ordre om at den vidkjende bulgarske byggjemeisteren Kolju Fitsjeto skulle byggje ei ny bru. Fitsjeto valde personleg materiale for trebrua, og alle innbyggjarane i Lovetsj medverka i byggeprosessen. Dei fattigare arbeida, medan dei rikare donerte pengar og betalte arbeidarane. Brua stod ferdig ferdig i 1874.

Pokritija most

Den opphavlege brua hadde ei lengd på 84 meter og husa 64 butikkar. Ho vart derimot fullstendig øydelagd av ein brann natt til 3. august 1925. Ei meir moderne bru vart konstruert i 1931, men denne vart bytta ut med ein rekonstruksjon av Kolju Fitsjeto sitt design i 1981-1982. Den noverande brua er 106 meter lang og har 14 butikkar. Arktitekten bak denne brua var Zlatev.