Pol og polare

Den polare linja q til eit punkt Q med omsyn til ein sirkel med radius r kring punktet O. Punktet P er inversjonspunktet til Q; polaren er linja gjennom P som er perpendikulær til linja som O, P og Q ligg på.
Pol og polar for eit kjeglesnitt er høvesvis eit punkt og ei linje som ligg i planet til kjeglesnittet, og som gjensidig bestemmer kvarandre. Dersom punktet (polen) er gjeve, vil polaren vere mengda av skjeringspunkt for tangentane til kjeglesnittet i dei to punkta der ein sekant gjennom polen skjer kjeglesnittet. Polaren er alltid ei rett linje, og ei vilkårleg linje som ligg i planet til kjeglesnittet er alltid polaren til eit bestemt punkt som pol, med unntak av tilfellet der linja går gjennom sentrum av kjeglesnittet.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- pol. (2012-01-31) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/pol/matematikk_–_2
- M. Alfsen og K. Alfsen, Analytisk plangeometri for reallinjen, Aschehoug, 1961.