Pola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For byen i Kroatia, sjå Pula.
Pola
elv
Pola river.JPG
Pola
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 7 420 km²
Lengd 267 km
Middelvassføring 63 /s
Kjelde Valdajhøgdene
Munning Ilmen
Wikimedia Commons: Pola River

Pola (russisk Пола́) er ei elv i Tver og Novgorod oblast i Russland. Elva er 267 km lang og har eit nedslagsfelt på 7 420 km². Elva har ei middelvassføring på 63 m³/s. Elva renn frå Valdajhøgdene og ut i innsjøen Ilmen.

Dei største sideelvane hennar er Lorinka, Ladomirka, Karpovka, Sjtsjeberikha, Javon, Kamenka, Morevka, Runa og Polomet, alle frå høgre. Sistnemnde er den største av dei.

Den største bustaden langs elva er landsbyen Pola.

Tidlegare vart Pola nytta som ein del av handelsvegen mellom Velikij Novgorod og St. Petersburg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]