Polar Park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ulv i Polar Zoo
Foto: Johannes Jansson, 2009
Brunbjørn
Foto: Johannes Jansson, 2009

Polar Park (tidlegare Polar Zoo) er ein dyrepark i Bardu kommune i indre Troms. Han opna 18. juni 1994, baserer seg på å visa fram dyr i sine naturlege omgjevnadar. Dette inneber at kvar art får mykje plass i boltra seg på; med 1100 mål fordelt på berre 12 innhegningar har parken verdas største areal per dyr. I tillegg til denne rekorden er han verdas nordlegaste dyrepark. Samanlikna med andre dyreparkar legg Polar Zoo stor vekt på sjølve dyrehaldet, og mindre på underhaldning.

Ein av dei største attraksjonane til dyreparken er bjørnane Salt og Pepper, som kom til parken som små ungar i 2009. Det at Salt er albino, og dermed har heilt kvit pels, gjer at dei har stor publikumsverdi. At publikum kan sleppa inn i innhegningane og vera i nærkontakt med dyreungar og vaksne ulvar, er òg populært.

Dyr i Polar Park[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Polar Park