Polarband

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cirrus radiatus er cirrusskyer med polarband

Polarband eller radiatus er skyer i høgare luftlag, som regel cirrus, men stundom altocumulus, som dannar parallelle band over større delar av himmelen.

Perspektivet gjer at banda ser ut til å løpe saman mot eit punkt i horisonten (polen). Polarbanda opptrer oftast i samband med jetstraumar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«polarbånd» i Store norske leksikon, snl.no. Fri artikkel.