Polarbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Polarbanen var jernbanen mellom Fauske og Narvik som Adolf Hitler planla og starta arbeidet med under den andre verdskrigen. Omkring 30 000 menneske var opptekne med jernbanebygginga mellom Mo i Rana og Drag i Tysfjord i tidsrommet 19431945. Halvparten av desse var russiske krigsfangar som var slavearbeidarar. Fangeleirane låg tett i tett langs traseen i Dunderlandsdalen, Saltdalen og i Sørfold. Mange spor etter jernbanebygginga er synlege også i dag, både i form av ferdige tunellar og brupilarar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Som ein del av bygginga av Festung Norwegen, ville Det tredje riket utvide jernbanen i Noreg, som på sommaren 1940 var ferdigbygd berre nord til Mosjøen,[1] slik at han gjekk heilt til Kirkenes, rett ved grensa til Sovjetunionen. Bygginga av Nordlandsbanen vart utført under norsk leiing og med norsk arbeidskraft, men bygginga av Polarbanen, nord for Fauske, vart leidd av tyske styresmakter.

Etter den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen valde dei norske styresmaktene å avbryte arbeidet med den delvis ferdige passasjen. Delar av grunnen til dette kan ha vore moglegheita for at Sovjetunionen ville krevje kompensasjon for arbeidskrafta frå dei russiske slavane. Men heller ikkje på 1970-talet, då debatten om jernbane i Nord-Noreg gjekk for fullt, vart arbeidet teke opp att. Under bygginga av Europaveg 6 gjennom Nordland vart noko av traséen teken i bruk som bilveg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjell Jacobsen: «Fra århundreskiftet til frigjøringsvåren» i Vefsn bygdebok b. III.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]