Polarforsking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Forskingsskip «Polarstern» ved den britiske forskingsstasjonen Rothera på Antarktishalvøen

Polarforsking viser gjerne til reiser i polare område, ikkje berre for å nå sjølve Nordpolen eller Sørpolen, men også for å utforska andre område nord for den nordlege polarsirkelen (66° 32′ N) eller sør for den sørlege polarsirkelen.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Ein skil i hovudsak mellom:

I tillegg kan ein skilja ut ekspedisjonar til Svalbard og andre stadar i det arktiske eller antarktiske området.

Formål[endre | endre wikiteksten]

Slike ekspedisjonar kan ha fleire formål:

  • kartografiske, det vil seia å kartleggja til utstrekkinga og den nærare utforminga til landområde
  • klimatiske, det vil seia å undersøka temperatur-, vind-, nedbørforhold og liknande
  • arkeologiske, det vil seia å søkja etter leivningar frå menneskeleg busetjing og virke
  • etnologiske, det vil seia å at studera leveviset, sedvanane og åndslivet til lokale folk, mellom anna språk
  • geologiske, det vil seia å kartleggja geologiske formasjonar, innhald av moglege mineral og liknande
  • botaniske, det vil seia å studera plantevekst
  • zoologiske, det vil seia å studera dyrelivet.

I tillegg til slike formål kan ein også prøva å finna gode skipsruter, stadar eigna til jakt (t.d. av kvalar, pelsdyr og liknande) eller anna nytting av ressursar, stadar eigna til hamner og anna form for overvintring og busetjing eller berre å leggja beslag på område som ikkje tilhøyrer andre statar. I nyare tid har ein del polarekspedisjonar nærast hatt preg av å vera idrettsprestasjonar eller uthaldsprøvar for deltakaren eller deltakarane.

Oversikt[endre | endre wikiteksten]

Historisk byrja polarekspedisjonane på slutten av 1400-talet, men først i det neste hundreåret fekk dei ein meir systematisk karakter. Særleg England og Nederland førte an, men andre land deltok òg. For Danmark-Noreg markerte Hans Egede si reise til Grønland eit vendepunkt for landet si verksemd innan dette området, og frå andre halvdel av 1800-talet og til no har dansk og norsk innsats for polarekspedisjonar vore sterk. Størstedelen av den danske verksemda har vore retta mot Grønland, men også andre område, særleg til Nord-Amerika, som Vitus Bering sin kjende ekspedisjon til farvatnet mellom Sibir og Alaska.

Andre land, som England, USA, og Russland (der ein i denne samanhengen også må rekna det tidlegare Sovjetunionen) har gjort ekspedisjonar såvel til Nordpolen og Arktis som til Sørpolen og Antarktis.

Polarstasjonar[endre | endre wikiteksten]

I løpet av 1900-talet har dei eigentlege polarekspedisjonane i stor grad blitt supplerte med vedvarande tilstadevere på faste polarforskingsstasjonar, noko som særleg gjeld Antarktis men også Grønland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]