Polaritet i grammatikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Polaritet er ein grammatisk kategori med to grammatisk trekk, positiv og negativ. Positiv uttrykkjer at noko er tilfelle, negativ at noko ikkje er tilfelle. I dei fleste tilfelle blir positiv uttrykt gjennom fråværet av ein negasjon, medan negativ blir uttrykt gjennom nærværet av ein negasjon. Dersom p er ein proposisjon som uttrykkjer samsvar med eit sakstilhøve (ei mogeleg verd, eit mentalt rom), uttrykkjer ikkje p (i logisk notasjon oftast ¬p eller ~p) manglande samsvar med eit sakstilhøve. Polaritet blir uttrykt på ulike måtar i ulike språk og i ulike delar av eitt og same språket.

Polaritet i setningar[endre | endre wikiteksten]

Språka i verda kan delast inn i dei som primært uttrykkjer negativ i setningar perifrastisk (gjennom eigne "småord") og dei som primært uttrykkjer negativ morfologisk. Positiv blir primært uttrykt i båe tilfella gjennom fråvær av uttrykk for negativ.

Perifrastisk negasjon[endre | endre wikiteksten]

Språka med perifrastisk negasjon kan delast i dei som uttrykkjer negativ gjennom eit adverb og dei som uttrykkjer negativ gjennom eit verb.

Språk med nektingsadverb[endre | endre wikiteksten]

Dei indoeuropeiske språka har truleg alle eit nektingsadverb, som her kan illustrerast med norsk (nynorsk) ikkje:

  • 1. Positiv setning: Kvinna drakk vatn.
  • 2. Negativ setning: Kvinna drakk ikkje vatn.

Den same typen negasjon finn vi mellom anna i mandarin, som (mellom anna) har nektingsadverbet 不:

  • 1. Positiv setning: 妇女喝水了 Fùnǚ hē shuǐ le. 'Kvinna drakk vatn.'
    [kvinne drikke vatn perfektiv]
  • 2. Negativ setning: 妇女喝水了 Fùnǚ hē shuǐ le. 'Kvinna drakk ikkje vatn.'
    [kvinne ikkje drikke vatn perfektiv]

Språk med nektingsverb[endre | endre wikiteksten]

Dei finsk-ugriske språka har jamt over eit nektingsverb, som anten uttrykkjer negativ pluss person og tal eller negativ pluss person, tal og tempus. Nektingsverbet er kombinert med eit infinitt hovudverb. Nordsamisk og finsk er døme på det fyrste og sørsamisk og estisk døme på det andre. Her er nokre dømesetningar frå nordsamisk:

  • 1. Positiv setning: Nisu jugai čázi. 'Kvinna drakk vatn.'
    [kvinne.sg.nom drikke.pret.3sg vatn.sg.akk]
  • 2. Negativ setning: Nisu ii juhkan čázi. 'Kvinna drakk ikkje vatn.'
    [kvinne.sg.nom negativ.3sg drikke.perf-part vatn.sg.akk]

Morfologisk negasjon[endre | endre wikiteksten]

Morfologisk negasjon er vanleg i språk over heile verda, mellom anna i niger-kongospråka, omotisk, japansk og koreansk. Morfologiske negasjon inneber at verbet har både positive og negative bøyingsformer, som illustrert her med to setningar frå det vestafrikanske niger-kongospråket fulfulde:

  • 1. Positiv setning: Debbo oo yarii ndiyam. 'Kvinna drakk vatn.'
    [kvinne bunden.artikkel sg.drikke-aktiv.fri.perfektiv vatn]
  • 2. Negativ setning: Debbo oo yaraayi ndiyam. 'Kvinna drakk ikkje vatn.'
    [kvinne bunden.artikkel sg.drikke-negativ-aktiv.perfektiv vatn]

Polaritet i setningsledd[endre | endre wikiteksten]

I somme språk kan negasjon av setningsledd uttrykkjast gjennom eigne negative pronomen og adverb, i andre blir ubundne pronomen og adverb kombinerte med setningsnegasjon av ein av typane som er nemnde i førre avsnitt. Vi tenkjer her på adverb som uttrykkjer til dømes tid, stad eller måte. Nokre språk har negasjon av båe typane. Atter andre språk har negativsamsvar, det vil seie setningsnegasjon kombinert med negative pronomen og adverb.

Språk med negative pronomen og adverb[endre | endre wikiteksten]

Desse setningane frå norsk (nynorsk) illustrerer negative pronomen og tidsadverb:

  • 1. Negativt pronomen: Ingen drakk vatn.
  • 2. Negativt pronomen: Kvinna drakk ingenting.
  • 3. Negativt tidsadverb: Kvinna drakk aldri vatn.

Ingen er ein kombinasjon av negativ og noko(n); ingenting er ein kombinasjon av negativ og noko; aldri er ein kombinasjon av negativ og nokosinne. I staden for Kvinna drakk ingenting kan vi på norsk seie Kvinna drakk ikkje noko, med setningsnegasjon pluss ubunde pronomen. I staden for Kvinna drakk aldri vatn kan vi seie Kvinna drakk ikkje nokosinne vatn eller Kvinna drakk ikkje nokon gong vatn, med setningsnegasjon pluss ubunde adverb.

Språk med setningsnegasjon pluss ubundne pronomen og adverb[endre | endre wikiteksten]

Det finst språk som heilt manglar negative pronomen og negative adverb for til dømes tid',' stad og måte, slik at det som er uttrykt på norsk i setningane i førre avsnittet i staden er uttrykt ved hjelp av setningsnegasjon og ubundne pronomen eller ubundne adverb. Nordsamisk er eit slikt språk:

  • 1. Negasjon pluss ubunde pronomen: Ii giige juhkan čázi. 'Ingen (=ikkje nokon) drakk vatn.'
    [negativ.3sg nokon.sg.nom drikke.pret.3sg vatn.sg.akk]
  • 2. Negasjon pluss ubunde pronomen: Nisu ii juhkan maidege. 'Kvinna drakk ingenting (=ikkje noko).'
    [kvinne.sg.nom negativ.3sg drikke.perf-part noko.sg.akk]
  • 3. Negasjon pluss ubunde adverb: Nisu ii juhkan goassege čázi. 'Kvinna drakk aldri (=ikkje nokosinne) vatn.'
    [kvinne.sg.nom negativ.3sg nokosinne drikke.perf-part vatn.sg.akk]

Språk med setningsnegasjon pluss negative pronomen og adverb[endre | endre wikiteksten]

Mange engelske dialektar - men ikkje standarddialekten - har setningsnegasjon kombinert med negative pronomen og adverb:

  • 1. Negasjon pluss negativt pronomen: Nobody didn't drink water. 'Ingen drakk vatn.'
    [ingen gjorde-ikkje drikke vatn]
  • 2. Negasjon pluss negativet pronomen: The woman didn't drink nothing. 'Kvinna drakk ikkje noko.'
    [bunden.artikkel kvinne gjorde-ikkje drikke ingenting]
  • 3. Negasjon pluss negativt adverb: The woman didn't never drink water. 'Kvinna drakk aldri vatn.'
    [bunden.artikkel kvinne gjorde-ikkje aldri drikke vatn]

Dette fenomenet, som vi kallar negativsamsvar (engelsk negative concord), dobbel negativ eller mangedobbel negativ (engelsk multiple negative), er velkjent frå mange språk, mellom anna frå slaviske og fleire romanske språk og frå ungarsk og hebraisk. Vi finn det òg i nokre andre germanske språk enn engelske dialektar, mellom anna i afrikaans og jiddisk. Her er eit døme frå jiddisk:[1]

  • 1. Negasjon pluss negativt pronomen og negativt adverb: קיינער דאַרף זיך קיינמאָל ניט אײַלן Keyner darf zikh keynmol nit ayln 'Ingen burde nokosinne skunde seg.'
    [ingen burde seg aldri ikkje skunde]

Polaritet i interjeksjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre uttrykk for polaritet[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skrive med hebraisk skrift og YIVO-ortografi på grunnlag av s. 252-253 i Neil G. Jacobs 2005. Yiddish. A Linguistics Introduction. Cambridge: Cambridge University Press.