Polarium
| Polarium | |||
| Utviklar(ar) | Mitchell Corporation | ||
|---|---|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
| Kreativt ansvarleg(e) | Takamitsu Hagiwara | ||
| Design(ar) | Takamitsu Hagiwara | ||
| Plattform(er) | Nintendo DS | ||
| Utgjeving | JP: 2. desember 2004 NA: 18. april 2005 EU: 11. mars 2005 | ||
| Sjanger | Hjernetrim | ||
| Spelemodus | Einspelar, fleirspelar | ||
Polarium er eit hjernetrimspel utvikla av Mitchell Corporation. Det vart utgjeve av Nintendo til Nintendo DS i 2004 i Japan og i 2005 i Europa og Nord-Amerika. I spelet bruker spelaren ein penn til å teikne samanhengande linjer på trykkskjermen på DS-konsollen, for å snu om på svarte og kvite fliser på eit brett. Dersom spelaren klarer å lage horisontale rekker med berre svarte eller kvite fliser, blir dei fjerna frå brettet.
Spelet har ulike modusar. I modusen «Puzzle» har spelaren uavgrensa tid og skal fjerne fliser frå eitt brett ved å teikne ei samanhengande linje. I modusen «Challenge» fell fliser konstant ned frå toppen av skjermen. Spelaren skal her eliminere flisene ved å teikne linjer for å snu om på dei og danne horisontale rekker med same farge, før skjermen blir heilt fylt opp av fliser.[1]
Ei Game Boy Advance-utgåve av spelet, titulert Polarium Advance, vart utgjeven i 2006 i Europa.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «ANMELDELSE: Polarium». Gamer.no. Henta 2020-02-08.
- ↑ «Polarium Advance og Drill Dozer til Europa». Gamer.no. 2006-03-08. Henta 2020-02-08.