Polarprisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gilberto Gil ved utdelinga av Polarprisen 2005.

Polar Music Prize eller Polarprisen (svensk Polarpriset) er ein svensk internasjonalt retta musikkpris, oppretta av Stikkan Anderson i 1989. Namnet er henta frå det til Anderson sitt plateselskap, Polar Music. Prisen har blitt delt ut årleg sidan 1992 til enkeltpersonar, gjengar eller institusjonar, som oftast til to mottakarar kvart år.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Eitsjølvstendig prisnemnd med 12 medlemmar som mellom anna omfattar representantar frå Sveriges kompositörer og tekstforfattar (SKAP), Föreningen svenska tonsättare (FST) og Musikförläggarna peikar ut prisvinnarane. Nominasjonar til Polar Music Prize kjem frå mellom anna Confédération Internationale des Sociétés d'Auteurs et Compositeurs (CISAC), International Federation of the Phonographic Industry (IFPI) og The European Composer and Songwriter Alliance (ECSA).

Prisen blir gjeven «for betydeleg innsats innan musikken og/eller musikklivet, eller for innsats som blir bedømt til å kunna blir av stor tyding for musikken eller musikklivet, og skal kunna avsjå alle område innanfor eller med nær tilknyting til musikken.»

Vanlegvis blir det peika ut ein prisvinnar innan populærmusikk og ein innan klassisk musikk. Prissummen er 1 million svenske kroner per vinnar, og blir vanlegvis delt ut av kong Carl XVI Gustaf.[1] Prisutdelinga finn ofte, men ikkje alltid,[2][3] stad i juni månad i Stockholm konserthus. Berwaldhallen har også blitt nytta til seremonien.[4]

Styret for Polar Music Prize består av representantar frå familien Anderson, SKAP og Svenske Tonsättares Internationella Musikbyrå (STØY). Prispengane kjem frå avkastinga frå Stikkan Andersson sin donasjon, medan kostnader for gallaer og prisutdelingane blir betalt for med sponsormiddel. I juni 2018 viste Sveriges Radio at stiftinga hadde gått med stort økonomisk tap i fleire år.[5]

Prisvinnarar[endre | endre wikiteksten]

Vinnaren av prisen innan populærmusikk blir oppgjeve først, og deretter vinnaren innan klassisk musikk.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kungen delar inte ut årets Polarpris». Sydsvenskan (på svensk). 20. mars 2020. Henta 20. august 2020. 
  2. «POLAR MUSIC PRIZE Ny utställning och massor av Polarprisaktiviteter». Musikindustrin (på svensk). 15. august 2013. Henta 20. august 2020. 
  3. «Konungen delade ut Polarpriset». DN.SE (på svensk). 19. mai 1993. Henta 20. august 2020. 
  4. Expressen/TT (2003/2007). «Polarpriset till Keith Jarrett». www.expressen.se (på svensk). Henta 20. august 2020. 
  5. «Polarprisstiftelsen har svårt att hitta sponsorer - Kulturnytt i P1, Sveriges Radio». Henta 14. juni 2018. 
  6. DN (2007-01-25): "Alla vinnare 1992-2007". DN.se. Läst 7 augusti 2014.
  7. «Dizzy Gillespie; Laureate of the Polar Music Prize 1993» (på engelsk). Polar Music Prize. 
  8. Carp, Ossi (2008-05-21): " Polarpris till Fleming och Pink Floyd". DN.se. Läst 7 augusti 2014.
  9. Benholm, Sofia (2009-05-12): "Polarpriset 2009". Svt.se. Läst 7 augusti 2014.
  10. "Årsöversikter: polarpriset". NE.se. Läst 7 augusti 2014.
  11. TT (2011-05-03): "Patti Smith får Polarpriset". Expressen.se. Läst 7 augusti 2014.
  12. TT, Harry Amster (2012-05-08): "Polarpris till Yo-Yo Ma och Paul Simon". Svd.se. Läst 7 augusti 2014.
  13. Nylin, Lars (2013-05-07): "PRIS Polarpriset till Youssou N’Dour och Kaija Saariaho". Musikindustrin.se. Läst 7 augusti 2014.
  14. "Polarpriset 2014". Arkivert kopiWayback Machine. Swedenabroad.com, 2014-05-08. Läst 7 augusti 2014.
  15. Dagens Nyheter 10 mars 2015
  16. Polar Music Prize. Läst 10 februari 2016
  17. Lasse Mannheimer. «De får Polarpriset 2017». TT. Henta 7. februar 2017. 
  18. Hugo Lindkvist. «Metallica får Polarpriset 2018». TT. Henta 14. februar 2017. 
  19. «Årets vinnare av Polarpriset 2019 avslöjas: Grandmaster Flash». www.expressen.se (på svensk). Henta 13. februar 2019. 
  20. «Låtskrivaren Diane Warren och operasångerskan Anna Netrebko får Polarpriset». DN.SE (på svensk). 11. februar 2020. Henta 11. februar 2020.