Hopp til innhald

Poli Genova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Poli Genova

Fødd10. februar 1987 (38 år)
FødestadSofia
FødenamnPoli Plamenova Genova
Mal:Lang-bg
OpphavBulgaria
Aktiv1991–
Sjangerpop
Instrumentklarinett, vokal
Stemmetypesopran
Verka somsongar, programleiar

Poli Plamenova Genova[a] (fødd 10. februar 1987 i Sofia) er ein bulgarsk songar, låtskrivar, skodespelar og TV-programleiar. Genova byrja sin karriere i 1991, i ein alder av fire år, som medlem av det bulgarske barneensemblet Bon-Bon.

Genova representerte Bulgaria i Eurovision Song Contest 2011 med songen «Na inat», men kvalifiserte seg ikkje til finalen. Fem år seinare, i 2016, returnerte ho til Eurovision Song Contest for å representere Bulgaria med songen «If Love Was a Crime». Ho førte Bulgaria til finalen for fyrste gong sidan 2007 og enda på ein fjerdeplass, som på det tidspunktet var den nest beste plasseringa til Bulgaria i konkurransen. Året etter blei denne rekorden slått då Kristian Kostov kom på andreplass.

I tillegg til sin musikkarrière har Genova vore mentor i The Voice of Bulgaria og X Factor Bulgaria. Ho gav også stemma til Judy Hopps i den bulgarske versjonen av animasjonsfilmen Zootropolis – Dyreriket og var programleiar for Junior Eurovision Song Contest 2015 i Sofia.

Liv og karriere

[endre | endre wikiteksten]

Tidlig liv og Bon-Bon

[endre | endre wikiteksten]

Genova blei fødd 10. februar 1987 i Sofia. Ho starta sin musikkarrière i 1991 og blei i 1995 det første medlemmet av det bulgarske barneensemblet Bon-Bon. Som medlem av gruppa var hun også programleiar for det tilhøyrande barne-TV-programmet. Med Bon-Bon opptredde ho saman med kjende bulgarske artistar som Georgi Khristov, Jordanka Khristova og Neli Rangelova. Ho mottok ein spesialpris frå den bulgarske ålmennkringkastaren (BNT) under Den gyldne Orfeus-festivalen for sin duett med Rangelova. I 1997 deltok Bon-Bon i Slavjanski Bazar-festivalen i Vitsiebsk. Genova forlét Bon-Bon i 2001.[1]

Genova fullførte studium ved Ljubomir Pipkov nasjonale musikkskule, der ho studerte klarinett, og fortsette seinare ved Nasjonalakademiet for teater- og filmkunst «Krăstjo Sarafov». Genova deltok også i UNICEF-prosjektet The Magnificent Six.

2009–2015: Eurovision Song Contest 2011 og X Factor Bulgaria

[endre | endre wikiteksten]

Genova var finalist i den bulgarske uttakinga til Eurovision Song Contest 2009 med songen «One Lifetime Is Not Enough», som enda på andreplass bak «Illusion» av Krasimir Avramov.[2]

I 2011 deltok Genova på nytt i den nasjonale uttakinga med songen «Na inat» og vann konkurransen, noko som gav ho retten til å representere Bulgaria i Eurovision Song Contest 2011.[3] Songen enda på 12. plass i den andre semifinalen og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen.

Etter Eurovision Song Contest var Genova mentor i den fyrste sesongen av X Factor Bulgaria. I 2013 gav ho ut albumet 1, 2, 3.

2016–nå: Eurovision Song Contest 2016, vidare suksess og The Voice of Bulgaria

[endre | endre wikiteksten]
Genova på scena under Eurovision Song Contest 2016.

Den 21. oktober 2015 blei det kunngjort at Genova skulle vere programleiar for Junior Eurovision Song Contest 2015 i Sofia.[4]

Seinare, den 19. februar 2016, blei Genova internt vald av den bulgarske ålmennkringkastaren BNT til å representere Bulgaria i Eurovision Song Contest 2016 med songen «If Love Was a Crime».[5] Den bulgarske jazzmusikaren Teodosij Spasov, kjend for sitt {{ikkjeraud|kaval]]-spel, bidrog til songen saman med komponistane Sebastian Arman, Boris Milanov og Joacim «Twin» Persson. Songen fekk gode kritikkar frå Eurovision-nettsider som Wiwibloggs,[6][7][8][9][10] og blei framført under fleire pre-Eurovision-arrangement i Riga, Amsterdam, Tel Aviv og London.[11][12][13][14] I Eurovision Song Contest blei Genova den første bulgarske artisten til å kvalifisere seg til finalen sidan Elitsa og Stojan i 2007. Ho enda til slutt på ein fjerdeplass, som på det tidspunktet var det beste resultatet til Bulgaria i konkurransen. Songen hamna på iTunes-lister i 26 land og blei strøyma over fem millionar gongar på Spotify.[15][16][5]

Etter Eurovision Song Contest heldt Genova ein konsert framfor 12 000 menneske i Arena Armeets, ein av dei største innandørsarenaane i Bulgaria.[17] Hun fremførte også «If Love Was a Crime» under BG Radio Music Awards 2016, hvor hun mottok prisen BG Ambassador of the Year.[18] Den 5. juni 2016 opptreddee ho på Clapham Grand Theatre i London,[19][20] og ho var ein spesiell gjest under MAD Video Music Awards 2016 i Athen, der ho opptredde saman med den greske songaren Demy.[21][22] Genova og Destiny Chukunyere, vinnaren av Junior Eurovision Song Contest 2015, var pauseinnslag i Junior Eurovision Song Contest 2016Malta.[23] I 2017 var ho mentor i The Voice of Bulgaria då programmet starta sin fjerde sesong, og ho fortsette i femte sesong.

Ho er gift og har to barn.

  1. bulgarsk: Поли Пламенова Генова
  1. Поли Генова. Arkivert frå originalen 29. november 2017. Henta 26. desember 2017. 
  2. «Poli Genova - Eurovision 2009 Bulgaria Final - One Lifetime Is Not Enough». YouTube. 21. februar 2009. Arkivert frå originalen 13. juni 2021. Henta 19. mai 2016. 
  3. Busa, Alexandru (24 February 2011). «Poli Genova to represent Bulgaria in Düsseldorf». esctoday.com. ESCToday. Arkivert frå originalen 2. mars 2016. Henta 24. februar 2011. 
  4. Fisher, Luke (21. oktober 2015). «Meet your host... Poli Genova!». European Broadcasting Union. Arkivert frå originalen 28. oktober 2015. Henta 21. oktober 2015. 
  5. 5,0 5,1 Brey, Marco (19. februar 2016). «Bulgaria: Poli Genova returns to Eurovision». eurovision.tv. European Broadcasting Union. Arkivert frå originalen 19. februar 2016. Henta 19. februar 2016. 
  6. «Eurovision Review 2016: Bulgaria - Poli Genova - "If Love Was a Crime" | wiwibloggs». YouTube. 21. april 2016. Arkivert frå originalen 30. juli 2020. Henta 19. mai 2016. 
  7. «Poli Genova "If Love Was a Crime" - Bulgaria Eurovision 2016 (Reaction) | wiwibloggs». YouTube. 21. mars 2016. Arkivert frå originalen 6. mai 2016. Henta 19. mai 2016. 
  8. «Bulgaria 2016: oikopanel reviews 'If Love Was A Crime'». oikotimes.com. 7. april 2016. Arkivert frå originalen 3. juni 2016. Henta 19. mai 2016. 
  9. «Xtra Review: Bulgaria – Poli Genova: "If Love Was a Crime" – escXtra». Escxtra.com. 21. mars 2016. Arkivert frå originalen 8. mai 2016. Henta 19. mai 2016. 
  10. «Poli Genova - If Love Was A Crime (Bulgaria) 2016 Eurovision Song Contest». YouTube. 21. mars 2016. Arkivert frå originalen 16. mai 2016. Henta 19. mai 2016. 
  11. «Poli Genova Bulgaria 2016 "If Love Was a Crime" LIVE at Eurovision in Concert | wiwibloggs». YouTube. 9. april 2016. Arkivert frå originalen 8. april 2017. Henta 19. mai 2016. 
  12. «Amir and Poli Genova "If Love Was A Crime" LIVE at London Eurovision Party 2016| wiwibloggs». YouTube. 17. april 2016. Arkivert frå originalen 18. april 2016. Henta 19. mai 2016. 
  13. «ESCKAZ in Tel Aviv: Poli Genova (Bulgaria) - If Love Was A Crime (at Israel Calling)». YouTube. 13. desember 2013. Arkivert frå originalen 27. juli 2021. Henta 19. mai 2016. 
  14. «Poli Genova Bulgaria 2016 "If Love Was A Crime" LIVE @ London Eurovision Party | wiwibloggs». YouTube. 17. april 2016. Arkivert frå originalen 21. mars 2022. Henta 19. mai 2016. 
  15. «Eurovision Tracker». Esctracker.com. Arkivert frå originalen 18. mai 2016. Henta 19. mai 2016. 
  16. Gallagher, Robyn (May 16, 2016). «Eurovision 2016 stars dominate iTunes charts». Wiwibloggs. Arkivert frå originalen 19. mai 2016. Henta 19. mai 2016. 
  17. «Концерт "Звезди пеят за България" - за Паметника на свободата на Шипка (СНИМКИ) | Габрово Daily». Arkivert frå originalen 21. mars 2022. Henta 21. mars 2022. 
  18. «Poli Genova (@poli.genova) posted on Instagram: #годишнимузикалнинагради на #бградио сега по Nova TV ! 🎙😊🎉#bulgarianmusicawards right now on Nova Tv Jun 19, 2016 at 7:09pm UTC». Instagram.com. 19. juni 2016. Henta 31. mars 2022. 
  19. «Poli Genova on Instagram: "Brand #new #project in progress #domoreofwhatmakesyouhappy"». Instagram.com. 29. mai 2016. Henta 31. mars 2022. 
  20. «Poli Genova Live in London». 5. juni 2016. Arkivert frå originalen 13. oktober 2016. Henta 27. juni 2016. 
  21. «Poli Genova on Instagram: @mad_tv @madvma on 28th of June in #Athens». 
  22. «Archived copy». Facebook. Arkivert frå originalen 21. mars 2022. Henta 27. juni 2016. 
  23. «Destiny and Poli Genova join Junior Eurovision 2016! | News | Junior Eurovision Song Contest - Malta 2016». Arkivert frå originalen 4. november 2016. Henta 3. november 2016.