Polina Gagarina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Polina Gagarina
20150517 ESC 2015 Polina Gagarina 1464.jpg
Fødd27. mars 1987 (34 år)
FødestadMoskva
OpphavRussland
Aktiv2003–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar, skodespelar, modell, musikar, komponist, stemmeskodespelar, låtskrivar, fotomodell
Gift medPjotr Kislov

Polina Sergejevna Gagarina (fødd 27. mars 1987) er ein russisk songar, låtskrivar, skodespelar og modell. Ho representerte Russland i Eurovision Song Contest 2015 med songen «A Million Voices», der ho enda på andreplass. Gagarina deltok i den kinesiske talenttevlinga Singer, der ho nådde finalerunden.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Polina Gagarina vart fødd i Moskva, men vaks opp i Hellas, der mora hennar arbeidde som ballettdansar. I 1993 døydde faren, og familien flytta attende til Russland, før dei igjen flytta attende til Hellas og busette seg i Athen. Etter å ha fullført utdanninga i Hellas, flytta Gagrina til bestemora i Saratov i Russland.

Gagarina snakkar flytande russisk, gresk og engelsk.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Som 16-åring i 2003 deltok Gagarina i den andre sesongen av det russiske talentshowet Star Factory. Ho framførte fleire songar av Maksim Fadejev og vann til slutt tevlinga. Etter sigeren, slutta ho seg til jentegruppa Playgirls, men gruppa vart oppløyst kort tid etter.

I 2008 gav Gagarina ut singelen «Komu, zatsjem?», ein duett med den russiske songaren Irina Dubtsova. I mars 2010 slapp ho sitt andre studioalbum, О себе. I 2012 byrja ho eit samarbeid med det russisk-georgiske produsenten Konstantin Meladze. Saman med Meladze spelte ho inn fire singlar: «Spektakl okontsjen» ('spelet er over'), «Njet» ('nei'), «Navek» ('for alltid') og «Sjagaj» ('kamp').

I 2015 representerte Gagarina Russland i Eurovision Song Contest 2015,[1] der ho til slutt hamna på andreplass med songen «A Million Voices».

I juli same år opptredde ho under trekkinga til Fotball-VM 2018 i St. Petersburg. Ho var seinare mentor i fjerde og femte sesong av Golos, den russiske utgåva av The Voice.

I 2019 deltok Gagarina i det kinesiske talentshowet Singer 2019. Ho er den tredje europearen som deltek i konkurransen, etter britiske Jessie J og Kristijan Kostov frå Bulgaria. Ho nådde til slutt finalerunden i april 2019 på tv-kanalen Mango TV.[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 2007: Poprosi u oblakov ('Spør skyene')
  • 2010: O sebe ('Om meg')
  • 2016: 9

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Tittel År Høgaste
plassering
Album
RUS
[3]
RUS Airplay
[4]
BEL
(VL)

[5]
BEL
(VA)

[6]
TYS
[7]
IRL
[8]
NED
[9]
SVE
[10]
SVI
[11]
STO
[12]
UKR Airplay
[13]
«Колыбельная» ('Voggesong') 2005 Попроси у облаков
«Я твоя» ('Eg er di') 2006
«Я тебя не прощу никогда» ('Eg tilgjev deg aldri') 2007
«Любовь под солнцем» (Kjærleik under sola') 17 О себе
«Где-то живёт любовь» ('Kjærleiken bur ein stad') 2008
«Кому, зачем?» ('Til kven for kva?')
(duett med Irina Dubtsova)
«Пропади всё» ('Pokker ta alt') 2009
«Я обещаю» ('Eg lovar') 2010 ikkje frå album
«Осколки» ('Fragment') 2011
«Спектакль окончен» ('Spelet er over') 2012 3 10 3
«Нет» ('Nei') 2 3 1
«Навек» ('For evig') 2013 5 26 23
«Шагай» ('Kamp') 2014 15 15
«A Million Voices» ('Ein million stemmer') 2015 1 1 22 38 46 86 99 26 39 97 152
«Кукушка» ('Ko-ko') 2 Battle for Sevastopol OST
«Я не буду» ('Eg vil ikkje') 52 ikkje frå album
«Не пара» ('Ikkje eit par') Hotel Transylvania 2 OST (russisk dubbing)
«Танцуй со мной» ('Dans med meg') 2016 9
«Обезоружена» ('Avvæpna') 2017
«—» markerer at singelen ikkje nådde lista i det aktuelle området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brey, Marco (11. mars 2015). «Polina Gagarina to represent Russia!». eurovision.tv. Henta 11. mars 2015. 
  2. «Polina Gagarina to take part in “Singer 2019”!». escxtra.com. 1. februar 2019. Henta 10. april 2019. 
  3. Høgaste plassering for singlar i Russland:
  4. «Исполнитель - Полина Гагарина». tophit.ru. 
  5. Hung, Steffen. «Discografie Polina Gagarina». Belgium (Flanders) Charts Portal. Hung Medien (Steffen Hung). Henta 1. juni 2015. 
  6. Hung, Steffen. «Discographie Polina Gagarina». Belgium (Wallonia) Charts Portal. Hung Medien (Steffen Hung). Henta 1. juni 2015. 
  7. Hung, Steffen. «Polina Gagarina». German Charts Portal. Hung Medien (Steffen Hung). Henta 1. juni 2015. 
  8. Hung, Steffen. «Discography Polina Gagarina». Irish Charts Portal. Hung Medien (Steffen Hung). 
  9. Hung, Steffen. «Discografie Polina Gagarina». Dutch Charts Portal. Hung Medien (Steffen Hung). Henta 1. juni 2015. 
  10. Hung, Steffen. «Discography Polina Gagarina». Swedish Charts Portal. Hung Medien (Steffen Hung). Henta 1. juni 2015. 
  11. Hung, Steffen. «Discographie Polina Gagarina». Swiss Charts Portal. Hung Medien (Steffen Hung). Henta 1. juni 2015. 
  12. «Discography Polina Gagarina». Officialcharts.com/. Official Charts Company. 
  13. Høgaste plassering for singlar på den ukrainske airplay-lista: