Politikaren Magne Johansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Magne Johansen
Fødd23. november 1927
Død15. juli 2007 (79 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
VervOrdførar i Ringsaker 1982-1991
FøregangarPeder Esbjørnsen
EtterfylgjarThor Lillehovde

Magne Johansen (23. november 192715. juli 2007) var ein norsk lokalpolitikar som representerte Arbeiderpartiet. Han var ordførar i Ringsaker frå 1982 til 1991. Han sat i kommunestyret frå 1964 til 1991, bortsett frå perioden 1976 til 1979. Før det sat han i heradstyret i Nes.[1]

Johansen arbeidde i kommunekassa i Nes, og etter ei kommunesamanslåing i Ringsaker kommune. Han var 18 år då han blei med i Nes Arbeiderungdomslag då dette blei stifta i 1945. I 1953 blei han formann i Nes Arbeiderparti.[2] Under Johansen blei næringsparken på Rudshøgda utvikla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anette Løberg (19. juli 2007): Magne Johansen er død. Hamar Arbeiderblad, side 15.
  2. Ordfører Magne Johansen fyller i dag 60 år. Hamar Arbeiderblad]', 23. november 1987, side 3.