Politikk i Japan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Parlamentet i Tokyo.
Det keiserlige palasset i Tokyo.

Det politiske systemet i Japan byggjer på eit representativt demokrati innanfor eit konstitusjonelt monarki med eit parlamentarisk tokammersystem som byggjer på kontinentalrett. Keisaren av Japan er seremonielt statsoverhovud. Den lovgjevande makta ligg hos eit tvidelt parlament, Kokkai (国会), «riksdag». Her vert det praktisert eit fleirpartisystem. Statsministeren er leiaren for regjeringa, som styrer den utøvande makta. Den dømmande makta ligg hos høgsteretten og tre lågare rettsinstansar.

Den japanske grunnloven stadfestar folkesuverenitetsprinsippet som førande. Grunnloven definerer keisaren av Japan som «symbolet på einskapen mellom staten og folket.» Han har utelukkande ei seremoniell rolle.[1] I diplomatiske samanhengar opptrer keisaren ofte som statsoverhovud. Den politiske makta ligg hos statsministeren og parlamentet. Keisaren peikar ut statsministeren blant parlamentsmedlemmane etter ønske frå parlamentet, som praktiserer ein positiv parlamentarisme med investitur. Arveretten til keisartrona i Japan er regulert i lov.

Det er allmenn røysterett for vaksne over 20 år, med løynleg val for alle folkevalde verv. Sidan 1950-åra har japansk politikk vore dominert av Det liberaldemokratiske partiet, som har danna regjeringar åleine mesteparten av perioden. Partiet vert prega av mektige fraksjonar. Det fremste opposisjonspartiet sidan 1990-åra har vore Det demokratiske partiet.

Parlamentet[endre | endre wikiteksten]

Plenumsamling i Underhuset.
Venterom utanfor møterommet til regjeringa.

Det parlamentariske demokratiet i Japan nyttar ein tokammermodell med eit overhus, shugi-in, og eit underhus, sangi-in. Denne modellen og ordninga med positiv parlamentarisme vart innført etter modell frå Tyskland/[2][3] Eit fleirtal i Underhuset kan vedtaka å oppløysa forsamlinga og utskriva nyval. Dette er ikkje tilfelle for Overhuset. Eit kvalifisert fleirtal på to tredelar i Underhuset gjev dei regjerande partia høvet til å overstyra Overhuset.

Medlemmane vert valde for fire år i Underhuset og seks år i Overhuset. Halvparten av Overhuset er på val kvart tredje år. Japan har sidan 1996 praktisert ei valordning der representantar til Underhuset vert valde ved fleirtalsval i 300 einmannskrinsar. I tillegg vert det vald 180 representantar på partilister i høvetalsval i 11 fleirmannskretsar. Ei tilsvarande valordning finst i Russland. Til Overhuset vert det vald 146 representantar frå tilhøvetalval i fleirmannskretsar, som svarar til prefektura, og 96 representantar frå høvetalsval i ein nasjonal valkrins. Valordninga finst òg i Nederland og Belgia.

For å vera valbar til parlamentet, må ein vera japansk statsborgar. Nedre aldergrense for kandidatar til Underhuset er 25 år, til Overhuset 30 år. Parlamentarikarane vert godtgjort med ca. 1,3 millionar yen (ca. 85 000 kroner) i månaden for vervet.[4] Lovgjevninga sikrar medlemmane ytringsfridom og parlamentarisk immunitet. Kammera vedtek sine eigne ordensreglement. Med minst fleirtalet til to tredelar av dei oppmøtte kan dei vedta å utvisa medlemmar.[5]

Lov- og budsjettframlegg skal handsamast av begge kammera. Ved usemje har Underhuset det endelege ordet. Begge kammera vel ordføraren sin, som har den avgjerande stemmen ved røystelikskap. Grunnlovforslag krev eit kvalifisert fleirtal på to tredelar i begge kammera og godkjenning i ei påfølgjande folkerøysting. Statsministeren vert vald blant medlemmane til parlamentet gjennom ein investitur, som kjem i form av ein resolusjon. Keisaren gjer deretter den seremonielle utpeikinga, men spelar inga vidare rolle. Statsministeren utnemner dei øvrige regjeringsmedlemmane, av dei må halvparten vera innvalde i parlamentet. Medlemmane kan ikkje vera militære.

Japan har vorte definert som eit konsosiert demokrati med eit fleirpartisystem.[6][7] Sjølv om Det liberaldemokratiske partiet ofte dannar fleirtalsregjeringar, tenderer desse til å søkja breie forlik i parlamentet. Oftast vil dei søkja støtte hos minst eitt eller to opposisjonsparti. Den politiske kulturen tilseier difor at eit fleirtal åleine ikkje legitimerer kontroversielle vedtak. Dette vert ofte omtalt som ein «delvis koalisjon» med opposisjonen. På 2000-talet har ein del statsvitarar argumentert for at Japan rører seg i retning av eit topartisystem i tråd med Westminster-modellen.[8][9][10] Andre har indikert at Japan utviklar to parallelle partisystem.[11]

Politiske parti[endre | endre wikiteksten]

Dei politiske partia i Japan er i stor grad eliteparti, til skilnad frå medlemsorganisasjonar som masseparti må ha. Partipolitikken er difor i større eller mindre grad konsentrert rundt einskildpersonar og fraksjonane deira. Partilandskapet er likevel relativt stabilt.[12]

Det liberaldemokratiske partiet (LDP) har dominert sidan 1955, og har sete i opposisjon i berre fire år sidan dengong, i siste omgang frå 2009 til 2012. Blant mange årsaker er LDPs rolle som eit samansett og gjensidig interessefellesskap, heller enn eit ideologisk fellesskap. Sjølv om partiet er områdande konservativt, finst det divergerande ideologiske strøymingar. LDP er prega av mektige fraksjonar og tette band til dei respektive støttespelarane deira, som står for betydelege finansielle bidrag. Noko av denne støtta kan sporast til dei store industriselskapa i landet. Leiarane for dei leiande fraksjonane til partiet, kuromaku, «svarte fyrstar», har vorte samanlikna med fortidas shōgun, keiserdømmets effektive herskar.[13] Det i hovudsak sekulære LDP finn koalisjonspartnaren sin i det buddhistiske Kōmeitō, «Reint styre». Kōmeitō, som er kjend for sin velorganiserte og mobiliserte veljarkare, har ofte hamna i vippeposisjon.

Sidan siste halvdel av 1990-åra har Det demokratiske partiet (DPJ) fylt rollen som leiande opposisjonsparti. Det liberale og progressive DPJ har til dels lukkast i å posisjonera seg som det leiande opposisjonspartiet i landet, etter at meir sosialdemokratisk og sosialistisk orienterte parti snevra inn appellen sin for å sikre kjerneveljarane. DPJ hadde regjeringsmakta frå 2009 til 2012. DPJ har strategisk viktige band til deler av fagrørsla, men splittelse mellom parti til venstre for LDP har i mange tilfelle forhindra DPJ å danna eit truverdig regjeringsalternativ.

Japans attreisningsparti har basen sin i Osaka, til skilnad frå alle andre parti, som er Tokyo-baserte.[14] Japans gjenreisningsparti og Alles parti er utbryterfraksjoner frå LDP. Om enn i lita grad ideologisk divergerande frå LDP, inngår desse to utbryterpartiene ikkje i LDP og Kōmeitōs fleirtalsblokk. Til trass for likskapar seg imellom, har dei to partia heller ikkje klart å sameina seg om ei felles plattform.

Det sosialdemokratiske partiet er etterfølgjaren til Japans sosialistparti, som var det leiande opposisjonspartiet i landet fram til 1990-åra. Sosialdemokratane har opplevd ein jamn tilbakegang i val sidan 1990-åra, og har spila ein meir perifer rolle i parlamentet. Det japanske kommunistpartiet er eit av verda si største, ikkje-regjerande marxistiske parti, men har aldri sete i regjering.

Den einskilde politikaren har pleidd å byggja finansiell og politisk støtte gjennom ein personleg, politisk maskin, koenkai (後援会).[8] Dette er spesielt viktig for politikarar i LDP, som i størst grad er prega av fraksjonar. Dei politiske maskinene kan såleis bruka til å organisera eigne veljarane til partiet, for å sikre maksimal utteljing i kvar valkrets. Dei politiske maskinene unngår dei strenge restriksjonane i landet på partipolitisk aktivitet utanfor dei definerte valkampperiodane. Dei har òg vore brukt i nepotistisk øyemed, for å knyta til seg viktige næringsinteresser eller framme kandidaturet til slektningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Constitution of Japan». 3. november 1946. 
  2. Pyle, Kenneth B. (1996). The Making of Modern Japan (2 utg.). D.C. Heath & Co. 
  3. Jørgensen, Nils-Johan (1997). Japan og Tyskland. Gjenvinning og makt. Europa-programmet. s. 30–34. 
  4. Fukue, Natsuko (4. januar 2011). «The basics of being a lawmaker at the Diet». Japan Times: 3. 
  5. «THE CONSTITUTION OF JAPAN». japan.kantei.go.jp. 
  6. Lijphart, Arendt (1999). Patterns of Democracy: Government Forms and Performance in Thirty-Six Countries. Yale University Press. 
  7. Schoppa, Leonard J., red. (2011). The Evolution of Japan’s Party System: Politics and Policy in an Era of Institutional Change. University of Toronto Press. 
  8. 8,0 8,1 Estévez-Abe, Margarita (2006). «Japan’s Shift Toward a Westminster System: A Structural Analysis of the 2005 Lower House Election and Its Aftermath» (PDF). Asian Survey 46 (4): 632–651. Arkivert frå originalen (PDF) 13. oktober 2014. Henta 24. september 2016. 
  9. Reed, Steven R. (2005). «Japan: Haltingly Toward a Two-Party System». I Gallagher, M.; Mitchell, P. The Politics of Electoral Systems. Oxford University Press. 
  10. Reed, Steven R.; Scheiner, Ethan; Thies, Michael F. (2012). «The End of LDP Dominance and the Rise of Party-Oriented Politics in Japan». Journal of Japanese Studies 38 (2): 353–376. 
  11. Jou, Willy (2010). «Toward a Two-Party System or Two Party Systems? Patters of Competition in Japan’s Single-Member Districts, 1996-2005». Party Politics 16 (3): 370–390. 
  12. «Shadows From the Past: Party System Institutionalization in Asia». Comparative Political Studies. 2011. 
  13. Jørgensen, Nils-Johan (1997). Japan og Tyskland. Gjenvinning og makt. Europa-programmet. s. 35–38. 
  14. Johnston, Eric (3. oktober 2012). «Nippon Ishin no Kai: Local but with national outlook». Japan Times: 3.