Politisk søme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Politisk søme, også kalla politisk korrektheit etter det engelske uttrykket «politically correct, political correctness», er uttrykk som blir brukt, hovudsakleg i nedsetjande tyding, om ulike forsøk på å endre uttrykksformer eller sensurere ytringar som enkelte kan oppleve som støytande eller diskriminerande. Den noverande tydinga av uttrykket vart utbreidd først i USA i åra rundt 1990, og deretter i Vest-Europa og elles i verda.[1]

I Noreg er uttrykket også brukt i nedsetjande tyding om personar som gjennomgåande fremjar lite kontroversielle synspunkt, eller som ukritisk vidareformidlar offentleg godkjente tale- og tenkjemåtar.[1]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Det var særleg etter debatten som følgde utgjevinga av boka The Closing of the American Mind, skriven av Allan Bloom og utgjeve i 1987, at omgrepet political correctnes vart utbreitt i amerikansk samfunnsdebatt. I boka hevdar Bloom at høgare utdanning i USA i etterkrigstida har vorte prega av ei form for kulturrelativisme og ei overdriven openheit overfor andre kulturar, noko som ifølgje Bloom har gjort kritisk tenking omkring både eigen og andre sin kultur vanskeleg eller umogeleg.[1]

Etter debatten om boka til Bloom vart «politisk søme» særleg brukt for å beskrive forsøk på tabuisering av ord, bilete eller tenkjemåtar som potensielt kunne komme til å støyte enkeltpersonar eller grupper. I enkelte samanhengar vart også klassiske verk innan litteratur og film stempla som potensielt støytande, og forsøkt fjerna frå pensum i skoleverket og ved universiteta. Ved å uttrykkje seg politisk korrekt – og ved å unngå politisk ukorrekte uttrykksmåtar – skulle ein hindre og førebyggje diskriminering av mellom anna kvinner, etniske eller religiøse minoritetar, homofile og utviklingshemma.[1]

Kritikarar av politisk søme har i den seinare tida byrja å bruke omgrepet for å skildre det dei ser som trugslar mot ytringsfridommen, og til dels som eit uttrykk for ein falsk eller misforstått radikalisme, etter mønster av analysen i boka til Bloom. Enkelte kritikarar har også gjort eit poeng av å vere politisk ukorrekte i sin måte å uttrykke seg på, for eksempel ved å bruke eldre og ofte nedsetjande uttrykk på minoritetar, nettopp for å provosere fram ein reaksjon frå meiningsmotstandarane.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Thorsen, Dag Einar (20. februar 2018). «Politisk korrekt». Store norske leksikon. Henta 28. mai 2018.