Politisk ukorrekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Politisk ukorrekt er eit brettspel utgjeve av Vennerød forlag. Føremålet med spelet er å lage støytande og humoristiske (politisk ukorrekte) setningar ved å lage kombinasjonar av ulike kort. Spelet er basert på det amerikanske brettspelet Cards Against Humanity. Tittelen «Politisk ukorrekt» fungerer som eit motstykke til «politisk korrekt».

På grunn av skjemt med emne som pedofili, dyresex, innavl og valdtekt vart det kontroversar knytt til Politisk ukorrekt, og enkelte forhandlarar valde å trekkje spelet frå varebehaldinga.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]